Grønt småbruk med dyr midt i Molde

Grøne beitemarker, sauer, hestar, kattar og kaninar. Holmarka i Molde er som eit småbruk frå 50-talet.

Holmarka er blitt ein populær del av nærmiljøet

Jarle Sanden.
Holmarka, grøn lunge i Molde
Kortreist

Molde har mange gode sider. Ei av dei beste er beltet av grønt som går frå Reknesmoloen via Chateauet, Reknesparken, Romsdalsmuseet og Holmarka til Moldemarka. Det er ikkje sjølvsagt at vi har denne «grøne korridoren». I verste fall kunne vi hatt ein asfaltert parkeringsplass eller ein stor barnehage på det som i dag er ein oase av grøne marker og beitande dyr. Holmarka kunne også ha vore eit gjengrodd landskap som så mange andre småbruk i Møre og Romsdal. Så kvifor er Holmarka i dag ein idyll med grøne markar, dyr på beite og ein oase for unge og gamle som vil klappe hestar og kaninar, eller nyte ei stille stund i det grøne?

Museumsbruk. Museumsdirektør Jarle Sanden er glad for at Romsdalsmuseet fekk disposisjonsretten over området i 1995 etter ein avtale med eigaren, Molde kommune.

– I 1991 vart det lagt fram planar om å bruke Holmarka til barnehage. Heile området var då prega av forfall, gjengroing og manglande stell. For Romsdalsmuseet var Holmarka eit eldre verneverdig bruk med tilhøyrande kulturlandskap. I tillegg låg det «midt i byen» og var næraste nabo til museet. Fire år seinare, i 1995, fekk vi ein avtale med Molde kommune om disposisjonsrett til å bruke låven, innmarka og utmarka austover til Storlivegen til museumsformål. Tanken var at eit museum med byen rundt seg på alle kantar hadde behov for meir areal til utandørsaktivitetar og til å inkludere eit eldre, bynært småbruk til museumsområdet, seier Jarle Sanden.

Se fleire foto her.



Rydding. På denne bakgrunnen oppsto samarbeidet med Ola Fremo og Smia.

– Prosjektet Gårdsdreng, seinare Smia, var på jakt etter eit område der vi kunne drive med arbeidstrening. I samarbeid med Romsdalsmuseet vart Holmarka løysinga. Skritt for skritt har vi reparert løa, rydda vekk kratt, tynna ut skog, sleppt dyr på beite for å gjenskape kulturlandskapet og legge til rette for aktivitetar. Hesteeigarar tok kontakt, og har brukt området til hestebeite. Her har også museumshesten hatt sin tilhaldsstad. Først «Balder» og då hans tid var omme, kom dagens museumshest, «Luring». Andre dyr på Holmarka er katten Jonas, høner, kaninar og sauer, fortel Ola Fremo.

Velhalden. Jarle Sanden er nøgd med resultatet:

– Både innmarka og utmarka på bruket framstår i dag som fin og velhalden, skogen mot aust er rydda og stelt. Det som før var ein attgrodd jungel, er no utmark slik mange vil huske at det såg ut for ein generasjon sidan. Det er laga stiar og sitjeplassar. Kvernhuset, ei flaumkvern frå Grønnes, er på plass i Storlibekken og er ein naturleg del av området. Holmarka er blitt ein populær del av nærmiljøet og blir mykje brukt av barnehagar og skolar. Mykje av æra for det gode resultatet har Smia og Romsdalsmuseets Venner, ikkje minst «Hestegruppa», seier Jarle Sanden.

Romsdals Budstikke møtte opp då det var «Gårdsdag på Holmarka» 3. juni. Bilda i denne reportasjen er få dette arrangementet.

Vi har for tiden tekniske problem med vårt kommentarfelt. Vi beklager ulempene det medfører.
Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist