Moderne juv

Vil du oppleve dramatisk natur i samspel med ny norsk arkitektur? Dra til Valldal!

  Foto: ERIK BIRKELAND

Vi må vise at vi har vore her vi også, og ikkje berre etterlikne forfedrane våre.

Knut Slinning

  Foto: ERIK BIRKELAND

  Foto: ERIK BIRKELAND

Gudbrandsjuvet og Juvet landskapshotell
Kortreist

Valldalingane og alle andre kan glede seg over at bygda i den «andre enden av Trollstigen» har fått to nye turistattraksjonar. Naturperla Gudbrandsjuvet var der frå før, men ved hjelp av Nasjonal turistveg har vi no fått nye Gudbrandsjuvet. På den andre sida av vegen har Knut Slinning inspirert av Nasjonal turistveg, bygd opp eit reiselivsanlegg i særklasse: Juvet landskapshotell.

Opning. På 1500-talet skal ein kar med namnet Gudbrand ha hoppa over juvet. Han hadde vore på bruderov, og var på flukt. Måndag kjem samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa på besøk. Ho skal neppe hoppe, men klippe snor og stå for den offisielle opninga av denne delen av Nasjonal turistveg mellom Åndalsnes og Geiranger. Vi kom henne i forkjøpet, og nytta finveret på tysdag til å oppleve både Gudbrandsjuvet og Juvet landskapshotell i strålande sommarsol.

Sjå fotogalleri frå juvet!

Gudbrandsjuvet. Det kjende juvet i Valldøla har alltid vore ei dramatisk naturoppleving, særleg når snøen smeltar i høgfjellet og store vassmengder tordnar gjennom den tronge fjellkløfta og dei gigantiske jettegrytene. No har naturfenomenet fått hjelp av moderne arkitektur, blitt meir tilgjengeleg og fått ein ny dimensjon i form av dristig samspel mellom natur og arkitektur. Ein stålplattform heng som ein krans over juvet, og gjer at folk kan sjå rett ned i dei frådande vassmassane bak eit elegant utforma og trygt rekkverk, også det i stål. Ei 90 meter lang gangbru i same materiale svingar seg frå parkeringsplassen oppe ved hovudvegen og ned til utsiktsplattformen.

Se også video fra Gudbrandsjuvet!

Cafejuvet. Etter at du har sett deg mett på naturfenomenet, kan du gå vidare over til Cafejuvet, som også er eit bygg halde i den same moderne stilen. Kafeen har store glasvegger i spisse vinklar som gjer at du kan nyte utsynet mot juvet også med tak over hovudet. Eit moderne toalettanlegg er også å finne på denne sida av juvet. Heile anlegget er sjølvsagt universelt utforma slik at alle kan ha glede av nye Gudbrandsjuvet.

Landskapshotell. På den andre sida av hovudvegen ligg småbruket Burtigarden. Der har Knut Slinning etablert Juvet landskapshotell. Sju frittståande dobbeltrom i ein skog av bjørk, osp og furu og med kvitskummande Valldøla som næraste nabo. Aldri har eg sett noko som liknar på dette. Førsteinntrykket er ikkje særleg imponerande. Firkanta trekasser i skogen? Frå innsida ser det helt annleis ut. Ein av veggene er ei einaste stor vindusflate frå golv til tak. Naturen, skogen, mosegrodde steinar, blomster, blåbærlyng og elva, kjem på ein merkeleg måte inn i rommet.

Du får ei kjensle av å sitje inne i eit kamera og sjå naturen gjennom linsa.





Moderne gapahuk. – Ideen bak Juvet landskapshotell er å skape ei kjensle av å bu i ein gapahuk, men med moderne komfort. Mørke vegger gjer at inntrykket utanfrå blir forsterka. Målgruppa er folk som kjem hit på grunn av natur, naturoppleving og kulturhistorie, og som stiller krav om kvalitet og ekte saker, seier Knut Slinning. Eg forstår kva han meiner. Her er ingen flatskjermar og djupe sofagrupper. Ein dobbeltseng, eit lite skrivebord med ei lampe og to stolar og to designstolar plassert ved panoramavindauget.

Men kvifor har ålesundaren som har tent gode pengar i eigedomsbransjen, kjøpt seg småbruk, flytta til Alstad i Valldalen og brukt 20 millionar på hotell- og reiselivssatsing?

Sju rom i skogen. – Tre tilfeldigheiter. Eg kjøpte meg hytte her for 25 år sidan. Så kom Nasjonal turistveg med spanande tankar om kva som kan gjerast ved Gudbrandsjuvet, og for det tredje at eigaren kom med eit tilbod til meg om å kjøpe Burtigarden. Med økonomisk bidrag frå Innovasjon Norge og kreative idear og teikningar frå arkitektane i Jensen & Skodvin har eg bygd opp Juvet landskapshotell med sju frittståande rom og eit badehus. I tillegg har eg lagt mykje pengar og arbeidsinnsats i renovering og oppussing av det gamle våningshuset og låven, som er ein del av hotelldrifta. Til saman har vi 30 senger og kapasitet til 150 spisegjestar.

– Kvifor så moderne? Hadde det ikkje passa betre med lafta tømmerhytter her på Burtigarden?

– Nei, det meiner eg ikkje. Vi må vise at vi har vore her vi også, og ikkje berre etterlikne forfedrane våre. Nasjonale turistvegar satsar på moderne norsk arkitektur og ingeniørkunst, og den tanken ligg til grunn også for Juvet landskapshotell.

– Men turistane reagerer vel negativt når dei ser den norske landsbygda med rundballar og kraftlinjer?

– Spør utlendingane, så skal du få høyra noko anna. Då kommentatorstemma i det verdskjende tv-programmet «60 minutes» brukte uttrykket «This is the most beautiful landscape in the world...» sveipa kamera over eit kulturlandskap med traktorar og kvite rundballar. Mange turistar vil ikkje sjå berre den ville og urørte naturen, men også det skjøtta og berørte landskapet. Vi skal ikkje vere redd for kvalitetssikra inngrep i naturen. Det syner at folk bur her, seier Knut Slinning.

Les flere artikler på rbnett.no/kortreist!

Eksklusivt. Juvet landskapshotell er i alle høve eit minimalt inngrep i naturen. Dei sju hotellromma står på slanke stålsøyler. Ingen sprenging av fjell, minimalt med graving og vegane mellom husa er smale, gruslagde stiar. Knut Slinning er no inne i sin første driftssesong etter fem - seks år med bygging og prøvedrift i fjor.

– Eg satsar på kundar som vil ha noko ekstra og som er betalingsdyktige og betalingsvillige. Ei overnatting i Juvet landskapshotell for to med frukost kostar 2500 kroner. I tillegg kan vi tilby aktivitetar i fjellet og i elva i samarbeid med Valldal naturopplevingar, seier Knut Slinning.

Små inngrep. Arkitekt Jan Olav Jensen i Jensen & Slinning seier dette om ideen bak anlegget ved Gudbrandsjuvet og Juvet landskapshotell:

– Oppdraget frå Nasjonal turistveg var å lage ein sikker og funksjonell utsiktsplattform med universell utforming. Prosjektet har utvikla seg under vegs til det vi ser i dag. I tillegg fekk vi oppdraget om å teikne Juvet landskapshotell. Vi i Jensen & Slinning har ein grunnleggjande haldning til forholdet mellom arkitektur og landskap. Vi prøver å unngå sprenging og store masseflyttingar. Vi vil legge til, ikkje øydelegge. Difor flyt utsiktsplattformen, bruene og landskapshotellet oppe på terrenget. Dette står i motstrid til ein dominerande latskap som har prega norsk byggebransje i lang tid, der ein brukar sprengstoff og tunge maskiner for å lage flate tomter og store skjeringar før ein reiser eit bygg. Juvet landskapshotell er reist utan at vi har brukt så mykje som ein kinaputt. Ved Gudbrandsjuvet har også inngrepa i terrenget vore få og små, seier Jan Olav Jensen.

– Er Juvet landskapshotell heilt unikt?

– Vi har i alle fall ikkje sett noko slikt andre stader. Eg trur det er rett å seie at Juvet landskapshotell har sett Valldal på kartet i det internasjonale design- og arkitektmiljøet. Interessa er stor og mange store internasjonale magasin og aviser har vore her for å lage reportasjar.

Natur og arkitektur. Eg har heller aldri sett noko slikt før. Gudbrandsjuvet og den frodige naturen i Valldalen er unikt frå naturen si side. Nasjonal turistveg og Juvet landskapshotell kjem i tillegg, og spelar på lag ned landskapet. Det er mi meining. men eg veit at andre reagerer negativt på den moderne stilen som kjem til inntrykk både ved Gudbrandsjuvet og på Trollstigen.

Ta turen til Valldal, sjå sjølv og gjer deg opp di eiga meining!

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist