– Sjå bileta her!

«Unicen» er tilbake på Romsdalsmuseet – laurdag kan du sjå den heilt spesielle veteranbilen i drift

Landets første rutebil gjekk mellom Molde og Batnfjorden frå 1908 – no er den restaurert og tilbake i Molde.
New Articles

Bilen er bygd i 1907 av den franske bilprodusenten UNIC, derav tilnamnet «Unicen». Romsdalsmuseet fekk bilen i 1989 i gåve frå Haukebø og Rødseth. Sidan den gong har bilen berre blitt vist fram ved spesielle tilhøve.

Konservator og samlingsansvarleg ved Romsdalsmuseet, Jan Olav Szontheimer, viser stolt fram bilen når Romsdals Budstikke kjem på besøk.

Restaureringa

Den heilt særeigne veteranbilen, som gjekk som første rutebil i landet, er no restaurert så nært som mogleg til slik den var då den var ny i 1908.

– Me kom fram til at bilen måtte restaurerast då me såg kor dårleg stand han var i under hundreårsmarkeringa for ruteoppstarten i 2008. På det tidspunktet hadde bilen stått lagra i eit mindre enn ideelt lager i mange år, og var i dårleg stand, forklarar Szontheimer.

– Nokre år etter dette igjen, vart bilen sendt av garde til restaurering hos Trygve Krogsæter i Oslo. Der har den vore i ti år no, legg han til.

Szontheimer har jobba på Romsdalsmuseet sidan 2015, og har følgt bilen sidan den gong.

Stolt: Konservator og samlingsansvarleg Jan Olav Szontheimer gler seg til å vise fram "Unicen".  Foto: Martin Herje

– Me har vore ein del turar i Oslo på oppsyn med bilen, fortel han. Krogsæter er erfaren med denne typen restaurering, og bruker alle dei gamle metodane. Metall er skore med baufil, heller enn vinkelslipar og lakken er måla, ikkje spraya. Alt er basert på gamle bilete og andre bevarte bilar.

– Folk i Molde har hugsa bilen som raud, men etter å ha skrapa oss inn til det inste lakklaget, fann me ut at bilen originalt var grøn. Det vart dermed grøn som vart fargen me landa på, forklarar konservatoren.

– Korleis er bilen å køyre?

– Ja, korleis skal ein beskrive det? Det er noko ganske anna enn moderne bilar. Det første ein legg merke til er lyden. Det bråkar ein del, for ein sitt jo ganske opent. Motoren lagar litt lyd, og høyrast kanskje litt ut som ein grasklippar. Sjølv slit eg litt med giringa, men det skal nok gå an å trene seg opp. Pedalane er faktisk lagt opp på same måte som i moderne girbilar, med kløtsj, bremse og gass, fortel han.

Bilen er heller ikkje spesielt sprek, med ei maksimal komfortfart på om lag 25–30 km/t.

Elegant: Bilen gjer opp for dei få hestekreftane med ein flott utsjånad.  Foto: Martin Herje

Messingtrippen

På laurdag skal bilen verkeleg få prøve seg att, ved å køyre si originale rute frå Molde til Batnfjorden i veteranbilløpet Messingtrippen. Det blir den første offisielle framvisinga av bilen etter restaureringa. Løpet startar klokka 12 frå Krona på Romsdalsmuseet, og Leikarringen skal starte showet før bilane køyrer av garde, med «Unicen» først.

– Det er sjølvsagt opent for alle, så det er berre å kome og sjå på, gjerne på Museet eller langs vegen, seier konservatoren.

Det er tjue bilar som tek del i løpet, og aldersgrensa er på 92 år – ingen bilar frå etter 1929 får vere med. Det vil dermed vere mange spanande gamle bilar å sjå.

– Namnet Messingtrippen kjem av at mange eldre bilar har mykje messing i konstruksjonen. Dermed kallast dei gjerne messingbilar, seier konservatoren.

Detaljar: Her visast nokon av dei mange messingdelene av bilen.  Foto: Martin Herje

– Me gler oss veldig til å få vist fram denne perla til folk. Eg har jo jobba med den sidan starten, og det har vore spanande, givande og ikkje minst innmari artig å halde på med denne nydelege bilen.