Smittefarleg:

Må avlive løpske bisvermar i Molde

Så langt i år har det vore 8–10 biesvermar i Molde. Smitterisiko gjer at lokale birøktarar må rykke ut og sanere, altså avlive biene. 

Mykje jobb: Her hentast det ned ein sverm. Denne kom frå Randi sin eigen bigard, og hadde slått seg ned i eit tre like ved kubane deira. - Det eine bifolket mitt var tydeleg svekka, så svermen kom heilt klårt frå vår eigen bigard.  Foto: Privat

New Articles

Biterminologi

Det er mange særeigne ord og uttrykk knytt til birøkting, og det er ikkje alltid openbert kva dei tyder. Her er ei grunnleggande oversikt over uttrykka som brukast i artikkelen:

  • Biesverm: Gruppe bier som ferdast saman, ute etter ein ny stad å bu, til dømes fordi det har blitt for trangt der dei var før.
  • Birøktar: Ein som har bier og gjer nytte av dei, til dømes ved å sanke honningen dei produserer.
  • Bikube: Menneskelagd bolig for honningbier, som regel i form av kassar med uttakbare vokstavlar.
  • Bifolk: Eit samfunn av bier, til dømes ein sverm med bier eller biane som bur i éin bikube. Kan variere frå eit par tusen til fleire titals tusen enkeltbier.
  • Bigard(-plass): Eit geografisk område der ein røktar har eitt eller fleire bifolk. Kan sertifiserast av mattilsynet eller ein sertifisert birøktar.
  • Sanering: Avliving og opprydding etter bier. (Bokstavleg: 'reingjering')

Framande biesvermar dukkar støtt og stadig opp i Molde: