Høgsesong for førarprøver

Rekordmange tek førarkort - Lang ventetid på oppkjøring

Pågangen er så stor i sommar at Vegvesenet slit med å gjennomføre førarprøve for alle som ønskjer det. Når kjøreskulane skal bestille oppkjøring til elevane sine er det førstemann til mølla - og oppkjøringstimane forsvinn på nokre få minutt.

Eirik Flore Skarseth og kjørelærar Jørn Sorthe (Wright trafikkskole Molde)  Foto: Bjørn Brunvoll

New Articles

Henning Harsem, avdelingsdirektør i trafikantavdelinga i Statens vegvesen kunne sist veke melde om at ein i år held fleire førarprøver enn nokon gong før. Fram til mai hadde ein gjennomført drøye 60 000 oppkjøringar på landsbasis, som var ei stigning på nesten 7 000 sidan 2019, som var siste normalåret før korona.