Vil kjøpe ut bebuarane under Veslemannen

Dei 11 innbyggarane under Veslemannen har fått tilbod om at Fylkesmannen kan kjøpe ut eigedommane deira. Ikkje alle seier ja til tilbodet, melder NRK

Bebuarane under Veslemannen har fått tilbod om at Fylkesmannen kan kjøpe ut eigedommane deira. 

New Articles

Fylkesmannen har til no sett av 8 millionar kroner til formålet. Dette er meint som ein startkapital for å finne ei permanent ordning for dei som stadig må flytte frå husa sine. Ifølge NRK kan det være snakk om å finne permanente bustader. På eit møte med fylkesmannen, bebuarane  og Rauma kommune i går kveld vart forslaget lagt fram. Men bebuarane er førebels ikkje einige om å seie ja til tilbodet, seier konstituert fylkesmann Rigmor Brøste til NRK.