Slik vil Eidsvik plassere tenester i nye Ålesund

Forslaget til lokalisering skal drøftast med tillitsvalde i midten av mars og endeleg behandlast i fellesnemnda 4. april.

Kommunehus: Sandøy rådhus på Harøya.  Foto: Agnar Gjendem

Prosjektleiar: Astrid Eidsvik er rådmann i Ålesund kommune.  Foto: Øystein Bjerkeland

New Articles

ÅLESUND (Smp): Prosjektleiar Astrid Eidsvik har lagt fram sitt forslag til geografisk plassering innan dei såkalla «ikkje-stadbundne» tenestene i nye Ålesund kommune. I praksis er dette kontorstillingar som ikkje er knytt opp til til dømes skular, sjukeheimar, barnehagar, helsetenester, utestyrker og beredskap med meir.

Forslaget vart sendt tillitsvalde 20. februar, og skal drøftast med desse i midten av mars. Endeleg behandling skjer i fellesnemnda 4. april.



Forslaget til fordeling av tenester er som følgjer for Sandøy kommune:

Omkring 20 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Sandøy i dag.

Følgjande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Sandøy:

  • Innbyggartorg
  • Mobile arbeidsplassar
  • Desentraliserte funksjonar innan til dømes lønn, rekneskap, arkiv, barn og familie
  • Nye Ålesund kyrkjelege fellesråd
  • Framtidig fagmiljø for havrom og vindenergi ref. intensjonsavtalen
  • Framtidig fagmiljø for agro- og akvaturisme

Forslaget inneber at omkring 20 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Sandøy (inkludert 5 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Sandøy kommunehus.

Sjå oversikt for dei andre kommunane i Sunnmørsposten.