Møter Jon Aasen om Nordøyvegen

Det spissar seg til om Nordøyvegen før fylkestingssamlinga i Molde tysdag. Torsdag kl. 10 tek fylkesordførar Jon Aasen (Ap) imot tillitsvalte frå I P Huse AS på Steinshamn og Rolls Royce AS på Longva.

TIL MOLDE TORSDAG: Klubbleiar i Fellesforbundet Sissel Morsund Venaas og nestleiar Hans Olav Emblem frå I P Huse skal møte fylkesordførar Jon Aasen.  Foto: Oddbjørn Harnes

New Articles

Harøya: – Vi ønskjer å orientere fylkesordføraren om vårt syn. Det har vore mykje tal og kalkyler, og vi fryktar andre viktige moment druknar oppi all taldiskusjonen. For oss her i øyriket er ferjefri veg til fastlandet eit vere eller ikkje vere. Det grip inn i alt som har med framtida vår å gjere, seier klubbleiar i Fellesforbundet på I P Huse, Sissel  Morsund Venaas, til Romsdals Budstikke.