Den perfekte vindusvask

Sjølv om songen seier «puss, puss, så får du en suss», bør du ikkje følgje den om du ynskjer å sjå klart gjennom vinduet

  Foto: Kjell Langmyren

Bolig

– Mange brukar glasspray og mikrofiberklut, og pussar og polerer vindauga på den måten. Eg syns ikkje dette er ein god teknikk, for å få mest mogleg reine vindu, seier Henry Bendiksen. Han er dagleg leiar i Molde Vinduspuss, og har vaska ein del vindu etter 12 år i bransjen.

Rundt 20 prosent av kundane hans er privatkundar, og han opplever at mange syns at vindusvask kan vere vanskeleg.

– Mange trur også det tek mykje tid. Eit vindu tek cirka 20 sekund å vaske, det vil seie at ein kan vaske alle vindauga i eit privathus på rundt 20 minutt, viss ein kan teknikken.

Teknikk

For teknikk er viktig om ein vil ha eit god resultat. Bendiksen viser ein hard fram- og tilbakebevegelse på vindusruta framfor seg, for å vise korleis ein ikkje skal vaske.

– Ein bølgjande bevegelse er det lurt å trene på å få inn. Ein bør også passe på at ein treff kantane med 45 grader, for å få vekk alt vatnet.

Å ikkje få vekk alt vatnet, er nemleg ein av dei faktorane som kan skape skjoldete vindu. Det, og fleire andre ting er viktig å hugse under vindusvasken.

– For det første bør ein bruke rikeleg med vatn. Eg brukar å tilsette vanleg oppvaskmiddel med glansmiddel, eller litt salmiakk om vindauget er veldig skittent. Om vinteren tilsett eg litt spylevæske i vatnet. Deretter påfører ein vatnet med ein forvaskar, for så å fjerne alt vatnet med ein nal etterpå. Det er viktig at nalen ein brukar har god kvalitet, og ein god gummi. Til vanleg husvask kan ein bruke nal på rundt 40 centimeter, med ein forvaskar i same størrelse. Dette fordi lengre nalar treng god teknikk. Til sist kan ein gå over den nyvaska ruta med ein tørr mikrofiberklut, om ein ser at det er vert att litt flekker.

Vask ofte

Mange passar på å ta vindusvasken når sola steiker som mest. Det bør ein ikkje gjere.

– Det beste er å vaske når det er overskya eller litt fuktig. Direkte solskinn gjer vindauget varmt, og vatnet ein påfører trekk inn i glaset og gjev skjolder.

Mange vert også overraska av skitne vindu kvart år, når dei oppdagar at dei ikkje er vaska sidan førre vår. Ein årleg vindusvask er altfor sjeldan, ifølgje Bendiksen.

– Helst bør ein vaske vinduet ein gong i månaden, men det trur eg sjeldan folk gjer. Vaskar ein vindua for sjeldan, vil det etter kvart dannast korrosjon i vindusruta. Dette skjer fordi vatnet, som inneheld kalk, ofte renn i same «sti». Dette kan setje seg i glasuren, og kan vere veldig vanskeleg å få vekk. Særleg må ein passe på dette om ein bur i ein bustad laga av betong. Bortsett frå dette, er sjølvsagt reine vindu, den andre fordelen med hyppig vindusvask. Det gjer jo huset mykje meir presentabelt, enn om vindauga er skitne.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Bolig