Kosberg-strek med estisk modulvri

Grunnarbeida til nye, Kosberg-teikna blokker er i gang på Fuglset. Men husbygginga skjer i Estland.
Forbruker

MOLDE: Ivar Brovold gler seg. Han har kjøpt leilegheit i utbyggingsprosjektet Fuglsetvegen 4-6, der Planor bygger to blokker med til saman 18 leilegheiter. Teikna av Kosbergs Arkitektkontor, og bygd ved modulfabrikken Kodumaja i byen Tartu sør i Estland.

Rydding

På tomta ryddar no tunge maskiner unna skog og anna «laus» overflate, eit hus er rive, det skal sprengast og ryddast.

– Vi skrellar vekk all lausmasse, og skal så skyte bort det som trengst før vi går i gang med fundamentet til blokkene, opplyser Harald Thynes, Planors prosjektleiar.

Frå august av går ein i gang med grunnarbeida; støyping av grunnmur, og ikkje minst tilrettelegging for tilkopling av vatn, avløp, straum og kabel-tv.

Alt må svært nøye utførast, for å passe på millimeteren med modulane som skal løftast på plass.

Kjøp

Ivar Brovold, som sjølv har bakgrunn som rørleggar og nettopp er ferdig utdanna byggingeniør med prosjektering av rør, varme og ventilasjon som felt, bekymrar seg ikkje for alt som potensielt kan gå gale i eit slikt puslespel.

– Det stolar eg på vil gå heilt fint, dette har dei gjort før og har kontrollen, seier han.

Brovold var mellom dei aller første som melde seg som kjøpar i prosjektet – han har ei tid følgt med i marknaden og fann her akkurat det han var på jakt etter.

–Det er bynært og nær min nye arbeidsplass, det er passe stort og til den prisen eg har tenkt på. Ikkje minst blir det fint å komme til noko heilt nytt, utan behov for oppussing og vedlikehald, poengterer Brovold.

Som nyleg selde leilegheita si på Eide, og dermed er greitt i rute med finansane.

Tartu, Estland: I ein diger fabrikkhall langt sør i Estland er det iherdig innsats av same typar ein er van med å finne på ein byggeplass.

Forskjellen er at det effektivt og kostnadsgunstig skjer etter samlebandprinsippet; leilegheiter blir bygd opp steg for steg, stoppar på «stasjonar» og vert påplussa nye moment. Modulen veks fram, startar med ei grunnflata som vert utstyrt etter bestillers teikning. Baderomsgolv kjem til, vegger og rominndeling, det vert snikra og mala – langs «ruta» vert modulen meir og meir ferdig.

På enden av linja står husdelen ferdig bordkledd med dører og vindauge, fullt innreidd med bad, kjøken, parkett og alt anna arkitekten har bestemt.

Samarbeid

Planor som bygger ut i Fuglsetvegen, har over tid samarbeidd med modulfabrikken Kodumaja i Tartu, og er svært godt fornøgd med samarbeidet.

– Modulane dei leverer, er av svært god kvalitet. Teknisk er dette heilt etter boka med perfekt utføring. Alt er bygd innandørs, her har ikkje ver og vind påverka materialar og utføring slik ein normalt opplever på ein byggeplass, seier dagleg leiar Bernt Ove Vågsæter.

På kysten

Kodumaja har levert mykje til Norge, her er det byggeaktivitet medan det er labert elles i Europa.

Leveransar er særleg aktuelle langs kysten – modulane vert frakta med skip, helst levert nærast muleg byggeplassen. Vegfrakt kan vere komplisert, modulane er bygd 4,2 meter breie – det er grenseverdien.

Kodumaja har sidan 1999 levert 300 modular til Møre og Romsdal.

Planor har bygd fleire bygg med modulleveranse frå Kodumaja, mellom anna leilegheiter i Måndalen, og Mobo-komplekset i Elvegata i Molde.

Kontrakt

I vår begynte samarbeidet om endå eit prosjekt, Fuglsetvegen – som alle slike prosjekt starta det med omfattande kontraktskriving.

– Modulbygg er både enkelt, og krevjande. Det forenklar byggeprosessen å få ferdige modular levert, men grunnlaget for at det kan fungerer er at alt er beskrive til den minste detalj, seier Vågsæter.

Alt må vere nøyaktig gjort både på fabrikken og ute på grunnmuren. Så lenge planen er følgt til punkt og prikke, stemmer alt når modulen skal koplast på underlaget. I motsett fall har ein eit opplagt problem.

Besøk

Planor besøker fabrikken med jamne mellomrom, og Kodumajas folk er også på plass i Molde i samband med felles prosjekt.

– Tett samarbeid og at alt stemmer frå grunnen av på byggeplassen er viktig, poengterer Kodumajas salssjef Andrus Leppik, og roser moldefirmaet for å gjere ein framifrå jobb.

Han poengterer at modulbygg ikkje er einsarta – fabrikken har ingen standardkatalog, alle prosjekt vert tilpassa individuelt.

– Vi vil ikkje lage kjedelege hus! Husa vi lager er forskjellige, og kjem i mange variantar. Planor-prosjektet no er på 18 leilegheiter, det er eit relativt lite prosjekt, dei største vi gjer er på 150, forklarer Leppik, og poengterer at dei gjerne tek i mot tekniske utfordringar.

Planlegging

Planaspektet omfattar også kjøpar, som på førehand i god tid må ta stilling til type innreiing, flis, parkett og liknande.

Logistikken er avgjerande for effektiv jobbing – alt må vere på plass når produksjonen begynner å gå.

Kjøpar får sett på eit definert utval av innreiing til kjøken og bad, fliser og golv, og må i god tid gi beskjed om kva dei vil ha.

Neste vår

Det synest Ivar Brovold er heilt greit.

– Eg reknar med at dette blir veldig bra. Det blir fint å få flytte inn – i mellomtida bur eg hos familie, det skal bli fint å få sitt eige, seier Brovold.

Han må riktig nok vente ei stund enno; innflytting er berekna etter påske neste år.

I mellomtida står bygging i kø i Estland, når modulane er ferdige der blir dei sett på skip som styrer mot Molde – så kan Ivar Brovold møte opp på kaia og sjå sin del av huset bli løfta av med krane, sett på bil og frakta til byggeplassen der alt ventar.

Etter ein hektisk periode med tilkopling av alt, kan Ivar og naboane hans sette nøkkelen i døra og nyte kjensla av eiga, ny leilegheit.

Men det er ei anna historie.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Forbruker