Spesielt på Folkestadsetra

Det som skulle vere ei enkel, lita hytte har vorte eit stort, funkisinspirert bygg, der det meste stammar frå gjenbruk

– I utgangspunktet hadde eg sett føre meg ei lita hytte på 50 kvm på pålar ved sjøen. Men så tok det eine det andre, smiler Tove Stavem Reite (66).

Gjenbruk: Om lag alt i stova er brukte ting. Den svarte trappa som du så vidt kan sjå til venstre er henta frå den gamle handelsskulen i Volda, og sofagruppa er kjøpt på Finn.no. I bakgrunnen står Bjørn Reite som stadig vert «beordra» til nye spesielle prosjekt, bestilt frå kona Tove i front.   Foto: Roy-Arne Folkestad

Bolig

(Møre-Nytt) I seks år har ho og ektefellen Bjørn Reite (68) realisert eit spesielt hytteprosjekt på Folkestadsetra, ein liten ferjetur frå Volda sentrum. Fleire tusen arbeidstimar har gitt resultat: I dag står hytta fram som eit arkitektonisk smykke med stor originalitet og særpreg.