Ekte danseglede

Dansegleda var på topp då 200 barn og unge i Vestnes kulturskule inviterte til forestilling.
Bildeserier

«Dei fire årstidene» var tittelen på danesforestillinga, som trekte to fulle hus på kulturhuset Idahall.

Tittelen er ikkje lånt frå Vivaldi, men musikken spente frå klassisk ballet av Tchaikovsky til rap frå den amerikanske gettoen.

Elevane har øvd heile hausten, resultatet er imponerande. Her var det både danseglede, presisjon og smil. Generalprøven laurdag lova godt, billettsalet var strålande.

Flest jenter

Deltakarane var frå tre til 18 år, alle hadde sine roller og var tydeleg stolte av det. Jentene dominerer, men stadig fleire gutar får også auga opp for at dans er moro.

Rektor ved Vestnes kulturskule, Elsa Rypdal, ønskte publikum velkommen. Deretter fekk publikum servert det eine fargerike innslaget etter det andre.

– Eg er veldig imponert over dei unge dansarane. Samstundes er det moro å sjå kor stolte dei er av å få stå på scena og ta imot hyllesta frå publikum. Dans er bra på mange måtar, ikkje minst for sjølvtilliten, seier Elsa Rypdal til Romsdals Budstikke.

Lagarbeid

Det ligg mykje arbeid bak ei slik forestilling, både når det gjeld innøving, musikk, kulisser og drakter. Elsa Rypdal trekker fram spesielt dei to danselærarane Kristy Winspur Bårdsnes frå England og Sergey Popoprigora frå Ukraina, som har sett sitt sterke preg på danseopplæringa i Vestnes.

– No tar dansarane juleferie. Kulturskulen skal ha to julekonsertar før jul. Dette har vore eit aktivt og spennande år, seier Elsa Rypdal.

Neste år kan kulturskulen bli flytta frå Vestnes til Tresfjord. Det foreslår i alle fall administrasjonssjefen i Vestnes. Kommunestyret avgjer dette seinare denne månaden.

Vi har for tiden tekniske problem med vårt kommentarfelt. Vi beklager ulempene det medfører.
Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Bildeserier