Ballbinge skapar fellesskap

Rektor Eli Bakke trur den nye ballbingen ved Tøndergård skole og ressurssenter kan knytte skulen tettare til nabolaget.
Bildeserier

Onsdag kunne dei 57 elevane og lærarane ved Tøndergård skole og ressurssenter juble over ny ballbinge. Til trass for det dårlege været, stilte heile skulen og sponsorar gledeleg opp til opning. Under talen snakka rektor om «omvendt integrering».

– Eg har registrert at det også kjem ungdomar frå nabolaget og nyttar seg av ballbingen. Det ser eg på som berre positivt. Vi har sagt at dei er hjarteleg velkomne, men at det er viktig at våre elevar også får vere med. Det oppfattar eg at dei respekterer, og det betyr mykje for elevane våre, då det er klart at nokon av dei har erfart å bli utestengt eller ikkje tort å vere med tidlegare, seier Bakke.

Inspirert

Etter ei pengegåve frå Langset-konsernet førre vinter på hundre tusen kroner, kunne elevane ved Tøndergård endeleg tore tenkje tanken på å få ballbinge i skulegarden.

– Det var aldri noko tvil om kva pengane skulle brukast til. Etter at vi fekk beskjeden frå Langset blei vi veldig glad, men også inspirert til å realisere draumen om ein ballbinge på skulen. Med pengane frå Langset var vi allereie godt på veg, så då sette vi i gang og søkte om pengestøtte frå andre lag og organisasjonar, seier rektor ved Tøndergård skole, Eli Bakke.

Også Nesset Sparebank og Istad-fondet gav pengestøtte til prosjektet.

Glade elevar

Under opninga blei det også arrangert fotballkamp, til trass for at regnet hølja ned. Det var tydeleg at ballbingen var høgt ynskja av elevane.

– Det er veldig bra at vi endeleg har fått ein fin plass å spele fotball på. Ballbingen er open på kveldstid og det er fint at vi kan bruke den på fritida, seier Tommy Kristoffer Karlsen (16). Han er elev ved Tøndergård og hugsar godt at den førre fotballplassen på plenen var både skeiv og dårleg.

Radig prosess

Det tok under eit halvt år frå Tøndergård skole fekk beskjeden frå Langset-konsernet til ballbingen stod ferdig mai i år.

– Utan denne pengestøtta, hadde vi kanskje ikkje fått dette til. I all fall ikkje så raskt. Det har gått overraskande radig, og vi har opplevd velvilje over heile linja, seier ein fornøgd rektor.

Langvarig gevinst

Britt Malo Langset stilte opp som representant for Langset-konsernet. Ho synast det er kjekt å bidra til noko som er varig og som elevane får glede av i mange år framover

– Å gje bort pengar til slike formål gjev oss mykje glede. At skulen valde å bygge ein ballbinge synast vi er heilt topp. Det bidreg til fysisk aktivitet, men skulen inviterer også nærmiljøet til å integrerast i skulen sitt område. Det er kjempebra.

Strålande fornøgd

Rektor ser at ballbingen har blitt mest brukt til fotball fram til no, men håpar å setje i gang fleire aktivitetar som passar for fleire.

– Det som er fint med ein slik ballbinge er at ein kan nytte den på fleire måtar. Basketballkorg er blant anna innebygd. Det viktigaste er at elevane får fysisk aktivitet og at alle får vere med.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Bildeserier