Hilde Fenne gjekk fort, men bomma stort på standplass

– Eg var nervøs, litt for nervøs, seier vossingen etter verdscupopninga i Östersund.

TI BOM: På fire skytingar blei det heile ti bom for Hilde Fenne under single mixed stafetten saman med Lars Helge Birkeland.  Foto: Robert Henriksson/TT / TT NYHETSBYRÅN

skiskyting

Skiskyttaren fekk det tungt under single mixed stafetten saman med Lars Helge Birkeland.

På dei fire skytingane blei det ti bomskot, og tre strafferundar etter siste skyting.

– Kva skal ein seia. Det var ikkje ein slik start eg hadde håpa på. Eg hadde litt høge skuldrer, men heldigvis kjem det nye mogelegheiter, seier Fenne til Bergens Tidende.

– Fekk ikkje roa

Fenne og Birkeland enda på niandeplass, 1.17,9 bak vinnarane frå Austerrike. Tyskland og Kazakstan tok resten av pallplassane.

Birkeland leverte på standplass med berre éit bomskot. Etter fjerde skyting låg Noreg på sjuandeplass. Fenne gjekk ut som nummer åtte etter femte skyting, men på hennar siste blei det fire bom og tre strafferundar.

– Eg fekk ikkje heilt roa, og då blir det fort dårleg, seier Fenne.

God i sporet

I langrennssporet leverte Fenne heilt andre takter.

– Fenne viser god form, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith.

Vossingen har fått trent godt i sommar og haust.

– Det er godt å sjå at eg tek steg der òg, og kjenner at kroppen funkar. Det lovar godt, om eg berre treff blinken, seier Fenne.

Skiskyttaren har ikkje godt noko nytt i treningsopplegget, men har unngått sjukdom og kunna følgt planen.

Sprint på fredag

Noko konkret mål har ikkje Fenne sett seg for sesongen.

– Eg likar ikkje å setja meg éit mål. Eg likar betre å gå renn og ha det kjekt, for får ein til det så kjem resultata. Det høyrest sikkert litt defensivt ut, men for meg er det nok, seier Fenne, som tykkjer det er godt å vera i gang med verdscupsesongen.

Fredag ventar neste løp for Fenne, som er sprint.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

skiskyting