LESERINNLEGG

Vegvesenet mot Vegvesenet

Bjørn Jacobsen er fylkesleiar i Møre og Romsdal SV.  Foto: Kjell Langmyren

Meninger

Grethe Vikane, avdelingsdirektør Statens Vegvesen, skriv om Norconsult sin rapport om kryssing av Romsdalsfjorden at Møreaksen kjem best ut. Ho glømme at Vegvesenet har eit større samfunnsansvar enn eit konsulentfirma.



Ho glømme at å lede ein Europaveg tvers gjennom Molde er stikk i strid med norsk vegpolitikk fordi støy, støv og naturødelegging skal ein unngå om det er muleg.

Om det er så viktig å føre vegen gjennom Molde korfor ikkje bygge tunnel frå Lergrovika/Årø til Julneset? Vegvesenet svara aldri ut dette viktige spørsmålet. I staden har dei hemmelege møta med dei i Molde kommune som tapte avstemminga om vegval mellom Bolsønes og Lergrovika i kommunestyret.

Men Vegvesenet skriv:

«E39 Bolsønes-Årø er ikke prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033. Statens vegvesen har derfor meldt delvis avbrudd av reguleringsplanarbeidet på E39 Bolsønes-Kviltorp».

Kanskje det skal vere El-ferje mellom Bolsønes og Årø? Eg spør fordi Staten skal presse ein Europaveg gjennom eit bo og rekreasjonsområde fordi Staten ikkje er villig til å betale for å legge sin eiga E 39 i tunell. Konsekvensane for folk og skoleborna i området høre vi ikkje eit kvekk om frå fagfolka i Vegvesenet. Endå dei har side opp og side ned med fagstoff som advara sterkt mot å blande tungtrafikk og lokalmiljø.

Tidlegare Samferdsleminister Hareide plukka dette strekket ut av transportplanen fordi at der det trengs tunell mot støy og støv skal det ikkje vere tunell. Og etter mitt syn for å straffe kommunestyret som ikkje vil ha 4-felts motorveg gjennom eit bo og rekreasjonsområde.

Vegvesenet gjer ikkje opp og skriv:

«Samtidig blir det meldt at reguleringsarbeidet på Fuglset fortsetter».

Vegvesenet jobba aktivt eller håpa at fleirtalsvedtaket i Molde kommunestyre om å nekte motorveg langs Fannestranda kan fjernes.

Så har dette tatt seg opp til eit meir demokratisk nivå då ein no har møte med teknisk utval i Molde kommune. Men der vil ein ikkje svare på enkle spørsmål som korsen innsigelsa Vegvesenet har kommet med langs traseen Bolsønes-Lergrovik dei siste åra. Dei vil ikkje komme med signal til næringslivet i området på korsen bygg som skal rives.

På spørsmål frå meg om Fanestrandsalleen – eit kulturminne frå klippfisktida – blei det sagt at ein kunne sende opp ein kar frå Vegvesenet i Oslo som hadde greie på allear!

Vegvesenet foreslår at vi skal bygge to vegar over Ørskogfjellet! Det er no etter mange år løyva pengar til krabbefelt opp der og opp Romsdalen. Så kjem Vegvesenet med ideen om å bygge ein veg til over fjellet via Tomrefjord og gjennom landskapsvernområde i Solnørdalen.

Vegvesenet burde som faginstans også bidra med råd til oss politikarar som er økonomisk realistiske og tar i bruk allereie bygd infrastruktur som Tresfjordbrua.

Bjørn Jacobsen, fylkesleiar Møre og Romsdal SV

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal