LESERINNLEGG

Vi ønsker alle det same: Det skal være trygt å føde i Møre og Romsdal

Situasjonen som oppstod i november 2019, gjorde at vi måtte ta grep for å hindre at vi måtte stenge fødetilbodet.

Er du som fødande uroa og vil ha meir informasjon, vil vi oppmode deg til å ta kontakt med din lokale fødeseksjon, skriv klinikksjefen i dette innlegget.   Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Ein fødsel er kanskje noko av det største ein opplever i livet. Derfor er det få ting som vekker meir kjensler og engasjement enn endringar i fødetilbodet. Helseføretaket si avgjerd om midlertidig endring i drifta av dei to fødeseksjonane i Molde og Kristiansund, har skapt uro i befolkninga og det har vi stor forståing for. Vi ønsker å trygge deg, som fødande, på at du får eit forsvarleg og trygt tilbod.

Derfor ønsker vi å forklare kva som har skjedd og kvifor.


Fødeavdelingene ønsker fortsatt samdrift i helgene

Klinikksjefen: - Vekslinga mellom sjukehusa er den største risikoen. Det ville bli lettere om vi bestemmer at den ene byen har fødetilbudet i helgene, i stedet for å flytte det fram og tilbake.


Situasjonen som oppstod i november 2019, gjorde at vi måtte ta grep for å hindre at vi måtte stenge fødetilbodet. Det viktigaste omsynet var tryggleiken for deg som fødande kvinne. Denne tryggleiken heng tett saman med dei tilsette sin arbeidskvardag.

Fødeseksjonane i Kristiansund og Molde har slitt med å skape stabilitet i lege- og jordmorgruppa over fleire år. Føretaket har gjennomført mange ulike tiltak for å rekruttere til fagmiljøa, mellom anna gjennom å gi rekrutteringstillegg, stipend til legar under spesialistutdanning, bruk av rekrutteringsbyrå og utdanning av ultralydjordmødre. Sjølv med desse tiltaka har vi ikkje lukkast å skape tilstrekkeleg stabilitet.

I tillegg til rekrutteringsvanskar, sto seksjonane i Molde og Kristiansund i akutt fare for å måtte stenge grunna stort sjukefråvær. Avdelinga hadde hatt betydeleg belastning på eige personell i form av stadige ekstravaktar og overtidsarbeid. Vi klarte heller ikkje å hente inn nødvendig personell frå vikarbyrå.

Å vurdere forsvarleg drift er eit leiaransvar som vi gjer kontinuerleg. I november fatta vi eit straksvedtak om samdrift i to helgar for å unngå stenging. Vedtaket omfatta også jule- og nyttårshøgtida for å skape ein føreseieleg situasjon for dei fødande og våre tilsette.

Det er ytra uro kring variasjonar i fødetal og kapasitet. Det fødast i snitt eitt barn om dagen i Kristiansund og eitt til to om dagen i Molde. Om bemanningssituasjonen hadde vore stabil, ville begge seksjonane kvar for seg hatt tilstrekkeleg kapasitet til å dekke behovet for fødande i heile Nordmøre og Romsdal.

Små fødeseksjonar har store variasjonar i aktivitet. Fødeseksjonane i Kristiansund og Molde har ved planlagt bemanning god kapasitet til å handtere slike variasjonar.

Erfaringane etter to helger med samdrift er gode, og sårbarheita er redusert. Til saman desse to helgane har det blitt født seks barn ved dei to fødeseksjonane. Det er ikkje registrert avvikshendingar og tilsette har ikkje meldt om stor arbeidsbelastning. På nyåret vil vi vurdere driftssituasjonen på nytt.

Er du som fødande uroa og vil ha meir informasjon, vil vi oppmode deg til å ta kontakt med din lokale fødeseksjon. Vi understreker at leiinga og dei tilsette i Molde og Kristiansund set din tryggleik som fødande i første rekke.

Elisabeth Siebke, konstituert klinikksjef, Klinikk for kvinner, barn og ungdom