Liabonden:

Han Pingen, ho søstra og han Feite-Olav

Molde: Byliv i Molde på slutten av 1950-tallet. Foto: Birkeland 

Meninger

– Stubben! ropte bestemor på meg.

Og eg stabba og gjekk inn på glasverandaen der bestemor sat i korgstolen med tekoppen i høgre hand og terrieren Del Monte på fanget. Ho var litt fornem, slik at veslefingeren stakk ut frå handa som heldt tekoppen. – No skal du høyra om De tre bukkene bruse, sa ho. Bestemor var min første litteraturprofessor, og den eg kanskje lærte mest av (når alt kjem til alt).

Men det var altså Stubben ho kalla på, ikkje på Knut.

Eg var tre år i 1948. I alle fall var eg i grenselandet namnemessig mellom å vera han Stubben og han Lille-Knut.

Den gongen var vi 11 menneske, med stort og smått, som budde i det vakre gamle våningshuset på Holmarka. Stundom var det òg tenestejenter som skulle innlosjerast. Og det var alltid plass til overnattingsgjester. No er vi berre to som bur i huset, og tykkjer vi treng plassen.

Den minste, heimefødd dette året 1948 var ho Søstra, søskenbarnet mitt.

Det var vel slik at eldstebarnet i huset, ho Tine, ynskte seg så sterkt ei søster ettersom ho hadde «berre» ein bror, Mathias, frå før. Og det var visstnok mor mi som først brukte klengenamnet Søstra.

I alle fall: Hos oss i familien heiter ho framleis Søstra endå ho vart kristeleg døypt Gerd Mari. Og ho Tine kallar vi framleis Tine, sjølv no som ho er ei vyrdeleg og lærd torgkjerring som skriv artiklar under sitt kristennamn Inger Kristine (Strand). Det er så innarbeidd at ho hadde nok trudd eg var arg på henne om eg byrja kalla henne Inger Kristine.

Jentegjengen var ho Tine , ho Malla og ho Søstra då. Malla er søster mi og ho vart døypt Marit Kristine. Sidan fekk vi ei veslesyster, ho Iva Piva, som i meir formelle samanhengar heiter Liv Olaug. Mathias, som eg kalla Mattis, og Ole Bjørn (som budde lengst ned på Holmarka, mot Moldelivegen) var gutegjengen. Jentegjengen hadde sine dokker, sine dokkevogner, sine songleikar og glansbilete og paradis, medan vi gutane hadde våre revolverar, pil og boge og mangt som ikkje er like pedagogisk forsvarleg etter dagens lærdom. Nei, vi leikte cowboy og indianar, vi leikte krig, det gjorde så godt som alle gutane i Moldelia.

På den tida var eg blitt til han Lille-Knut, for å unngå forveksling med onkel Knut Hol, soknepresten, og med farfar, bondehovdingen Knut A. Ødegård i Fræna.

I Molde gjekk det omkring fullt av folk som ikkje vart omtala ved sine kristennamn og etternamn, nei kven hugsar vel kva Pingen eigentleg heiter, eller han Kikkan? Per Inge og Otto Christian? Nei, dei er Pingen og Kikkan.

Oppe i lia var vi stort sett veloppdragne. Vi laug ikkje og vi stal ikkje (då kom Styggemannen og tok oss), ikkje banna vi heller (for då fekk vi Styggemannen på tunga), og vi kalla pent dei aller fleste vaksne ved etternamn, det var fru Fiskergård eller han Fiskegård (journalisten) like ved oss, og det var han Gundersen (fiskehandlaren) lenger aust i lia, like ved tante Anne og onkel Ingvalds Anne Nerbøs kolonial. Kolonialen låg nedanfor huset der han Affen buddde (Affen het Alf Inge Ræstad). Peter Fiskergård prøvde rett nok å få oss til å kalla seg Fisk, men same kor ofte han signerte artiklar med «Fisk» i Romsdal Folkeblad, så slo ikkje det gjennom hos oss på Holmarka.

Nei, når eg tenkjer meg om, så stemmer ikkje dette heilt, for vi kalla mors tremenning Asbjørn Holst for Dollan, ja det var fleire med klengenamn når eg tenkjer meg endå betre om.

Heilt konsekvent snille var vi vel heller ikkje, når eg no tenkjer meg om og granskar barnesamvitet mitt. For eg hugsar éin vi var litt redde for, og som vi kalla Løpski. Ja, vi kunne slå om frå engleborn til stygge ertekrokar og ropa Løpski, Løpski! for å få han til å koma løpande etter oss. Og så var det ein lærar som sjølvsagt fekk klengenamnet Tørris, og ja ja eller nei nei, vi var visst ikkje englar likevel. Ikkje heilt.

Då eg fekk mi piccolofløyte og gutemusikkuniform, vart eg mest imponert over han Nomfe, ja alle sa Nonfe om Rolf Sørensen (som sidan vart ein ærverdig rektor). Grunnen til at eg vart imponert var for det første at han spela på eit overveldande instrument, ein sousafon, som liksom krumma seg rundt den lange kroppen hans og ende i ein vid trakt, ein enorm blomst mot himmelen. Og for det andre at Nomfe var den glupaste til å spela på stikka, med femøringar. Ein kjekk kar eg framleis får brev frå av og til, kallar vi berre Sofus, no som i barndomen – endå han var son av sjølvaste handelsskulestyraren. Ja Sofus, som heiter Anton Rasmussen: Han og eg er vel snart dei einaste byoriginalane som er att i Molde.

Eg gjekk mykje for meg sjølv i barndomen, men fekk nokre gode vener ettersom eg byrja på Elvebakken Skole og i Molde Guttemusikkorps, blant dei var han Flis (Bjørn Friisvold), han Tobben (Torbjørn Drejer Farstad) og han Bust (Arne Frostad). Rart med dette, når ein tenkjer over det, var det visst omtrent berre eg som ikkje hadde eit slikt klengenamn der nede «i byen». Det kan jo vera av den grunn at eg var nesten usynleg, så liten og tynn og kvithuda, men håret var jo raudt som hos mine keltiske forfedre. Så eg gjekk vel der ned frå bondelia som ein raud flamme over ein usynleg kropp.

Om nokon trur at klengenamn er noko vi moldensarar byrja med i nyare tid, må dei tru om att. Eg har studert gamle norrøne skrifter i meir enn ein mannsalder, og finn fram att det eg noterte om ein kar som er omtala i den islandske Landnámabók. Landnåmsboka er eit slags register over dei som drog til Island og slo seg ned der i det folketome landet på 800- og 900-talet, dei fleste kom frå det norske vestlandet.

Det var ein fargerik fellesskap som «tok land» på denne øya. Dei fleste av dei 430 «landnåmsmennene» var nok bra folk, mange av hovdingeslekter, nokre sikkert frå stader «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», men det var òg dei som rømde frå Noreg for å koma unna straff for ugjerningar dei hadde gjort i gamlelandet.

Men no må Liabonden sjå til å koma seg til Molde att! Jah, det gjer eg slik, på dramatisk (og kanskje noko tvilsamt) vis:

Ein drapsmann, ja mordar, som rømde til Island frå Molde, er kalla Molda-Gnúpr. I Landnåmabok, som truleg vart skriven på 1100-talet, men som vi berre kjenner frå seinare avskrifter ettersom det eldste handskriftet er gått tapt (det kan ha vore fleire eldre handskrift), er det fortalt at denne drapsmannen Gnúpr kom frå Moldatún á Norðmæri. Altså frå Moldetun på Nordmøre.

No er granskarane slett ikkje samde om kva som var Nordmøre og Romsdal den gongen på 800-talet. Romsdal var opphavleg namnet på dalen opp mot Lesjaskog. Så i og for seg kan Nordmøre i denne forteljinga vera nord for Romsdalsfjorden. Og dermed kan Moldatún vera Molde, storgarden aust for Moldeelva. Men nokre granskarar seier meg imot og vil ha det til at dette truleg var Agdenes i Trondheimsfjorden.

Eg tenkjer meg altså denne Molde-Gnup som ein moldegut som var så alt for hissig, kanskje ein raudhåring som dei kalla Gnúpr, Gnup, som tyder ein nut eller ein bergtopp som hallar fram. Kanskje fekk han det klengenamnet fordi han var ein påtrengjande og ruvande hardhaus i Molde? Det vert fortalt at han var flink til å smi. Bror hans, Vemund frå Moldetun, var ikkje mindre til kar, korkje som drapsmann eller som lyrikar. Ja, i landnåmabok er dei to kalla «vígamenn miklir ok járnsmiðir» (store drapsmenn og jarnsmedar). Men om Molda-Gnúpr vart til den store landnåmsmannen som la under seg eit enormt område på den austlege delen av det islandske sørlandet, så var det Vemund som vart minna som lyrikar og har framleis ein plass i norrøn litteraturhistorie for orda han dikta då han bles jarnet kvitt i smia om at

.....

Eg åleine

gav elleve

banesår, –

blås meir.

.....

Eller kanskje vi skal gje nordmøringane retten til denne karen frå Moldetun? Det kan i alle fall leggjast til at frå drapsmannen Gnúpr stammar fleire av Islands stormenn, både biskopar og lovseiemenn.

Nei, klengenamn har folk fått sidan tidsens morgon, ja om det så var kongar og jarlar så vart det gjerne lagt til eit «ekstranamn» for å karakterisera vedkomande. Det er sjølvsagt ikkje så gale å vera Harald Hårfagre, men verre er det kanskje å vera Erling Skakke eller Inge Krokrygg. Om det så er sjølvaste nasjonalhelgenen, St. Olav, så er han ikkje alltid kalla Olav den heilage, nei i «Snorre» (Heimskringla) er det fortalt at han vart kalla Óláfr digri, og diger må nok helst omsetjast med tjukk eller feit: Feite-Olav.

Knut Ødegård, forfatter og Liabonde