Haugan er klar for Hødd

Frå fransk storklubb til Høddvoll.

Eirik Haugan har trent med Hødd den siste tida i påvente av at overgangen til dei blåkvite skulle verte godkjent. Torsdag kom stadfestinga på at Haugan er blitt Hødd-spelar. FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet

Sport

(Vikebladet:) Som Vikebladet Vestposten skreiv før helga var det berre formalitetar som stod att før Eirik Haugan offisielt var klar for Hødd. No har desse kome på plass, og Haugan er registrert som Hødd-spelar av Norges Fotballforbund.

Hødd hadde i utgangspunktet håpa å få forsvarsspelaren klar allereie til 4.-divisjonskampen mot Hareid tysdag, men klubben fekk ikkje dispensasjonssøknaden godkjent i tide.

Haugan var likevel med på Hødd-treninga tysdag, og dagleg leiar Kari Mette Sundgot sa då at ho rekna med at overgangen ville gå i orden innan kort tid. No er det formelle i orden, og då spørs det om 19-åringen kan vere aktuell allereie mot serieleiar Nardo komande laurdag.

Eirik Haugan har spelt to cupkampar for Molde FK, men i 2015 signerte han ei treårskontrakt med den franske storklubben Marseille. Den kontrakten vart terminert i vår etter at Haugan ikkje lukkast i å finne seg ein ny klubb før overgangsvindauget stengte. 19-åreingen har spelt 40 aldersbestemte landskampar for Norge.

Denne saka var først publisert på Vikebladet.no.