Der tok eg kanskje litt vel hardt i. Men eg held fast ved at Verma, øvst i Romsdalen og lengst sør i Møre og Romsdal, med sine tørre somrar og kalde vintrar, har meir fint turvêr enn det vi må ofte må nøye oss med ute på kysten i Romsdal. I tillegg har den vesle bygda like ved grensa til Lesja og Oppland lett tilgang på massevis av store og små fjellturar. Prøv ein av Vermas mest kortreiste turar, rundturen mellom Verma og Slettafossen!

Langs vegen

Starten går frå bygdas nærbutikk og følgjer først Kyllingvegen nokre hundre meter. Derfrå går du over til Gamlevegen ved Langsvabakken og etter kvart ein del på utsida av vegrekkverket langs E 136 opp til Slettafossen. Under vegs passerer du dei tre Kylling-gardane, Øverdalen kyrkje, bedehuset, forsamlingshuset Fredheim og Brødrene Brudeli Møbelfabrikk.

Slettafossen

Snart høyrer vi fossedur. De er Slettafossen som gir lyd frå seg. Snart ser vi han også. Dette er ikkje ein foss som imponerer med stor fallhøgde, men dei store massane med vatn frå Rauma, som litt lenger oppe har fått forsterkning frå Ulvåa, må her gjennom eit trongt og djupt gjel. Sjølv med normal vassføring er Slettafossen ei oppleving for både syn og høyrsel. Gå ned på ein av utsiktsplassane, så får du oppleve fossen på nært hald. Solide rekkverk gjer at du står trygt når du ser og kjenner på lyden og trykket frå det imponerande naturfenomenet.

Nedlagde gardar

Når du har sett deg mett på Slettfossen, helt turen fram nedover dalen på motsett sida av elva. Gå over brua til kiosken (open i turistsesongen), og ta vegen og stien gjennom skogen i retning Sletta-gardane. Eit alternativ er å gå ein mindre sti forbi klatrefeltet ved Slettafossen. På den måten får du meir nærkontakt med elva. Vi gjekk den merka ruta med veg og sti litt lenge oppe i skogen. Turen går då gjennom eit tun og forbi dei fråflytta gardane Fonna og Larsslett.

Kyllingbrua

Etter ei stund kjem stien inn på fjellvegen som fører opp til Vermedalen. Vi passerer elva Storsteinbiten som avsluttar elveløpet med ein bratt foss ned i Rauma. Gjennom den haustgule skogen skimtar vi også den imponerande Kyllingbrua som gjennom 91 år har ført Raumabanen over elvejuvet mellom Sletta og inn i tunnelen under Verma-bygda.

Verma-veteranar

Saman med dei to Verma-veteranane Mosse Vangen (89) og Kristian Slettali (89) held turen fram over Haugbrua til garden Slettali der Kristian framleis driv med sauer. Han ser ingen grunn til å pensjonere seg sjølv om han snart fyller 90 år. Jamaldringen Mosse har heller ikkje sett seg i godstolen. Det seier vel sitt at ho kjøpte seg nye ski sist vinter!

Ringen er slutta

Rundturen blir avslutta ved at vi går vegen forbi dei andre gardane på Sletta og over Slettabrua. Ta også ein tur ned til Svarthølen og sjå raumalaksens øvste stoppestad. Til slutt følgjer du gamlevegen opp til E 136 ved Stasjonsvegen, og går gang- og sykkelvegen tilbake til Verma sentrum.