Etter at elevar ved Midsund skule gjennom prosjektet Erasmus+ har besøkt Polen og Portugal, er det no tid for gjenvisitt.

Gjenvisitt

– Vi får besøk frå våre samarbeidsskular i Tyrkia, Polen og Portugal, med omfattande program heile veka, fortel koordinator og lærar ved Midsund skule, Ingunn Røberg.

Om lag 30 elevar og lærarar frå dei tre landa kjem til Midsund. Elevane som er med i prosjektet, er i alderen 12 – 16 år. Dei besøkande skal bu privat.

– Det blir spennande både for vertskap og besøkande, seier Røberg.

Program

Det er lagt planar for turar og opplegg så dei skal få sjå mykje både av Midsund og Møre og Romsdal. Røberg opplyser at det brakar laus med offisiell opning i storsalen på skolen måndag, og tysdag står Midsundtrappene for tur.

– Onsdag skal vi til Ålesund og Klippfiskakademiet, torsdag blir det tur til Atlanterhavsvegen og Romsdalsmuseet, og fredag er det maritim dag her i Midsund og avslutningsmiddag på Kroa på fredag kveld. Innimellom vert det også nokre felles aktivitetar, seier Røberg.