– Heile kommunestyret var i utgangspunktet invitert. Vi i Høgre takka ja til invitasjonen, seier nessetordførar Rolf Jonas Hurlen.

Delegasjon

Han opplyser at høgregruppa med 5 politikarar var med på turen, samt representantar frå næringslivet. Nessetdelegasjonen ønska å få meir kunnskap om gjenvinning og «Halosep»-teknologien som kan vere aktuell lokalt, om Bergmesteren får etablere deponi for farleg avfall på Raudsand. I samarbeid med Stena omfatta programmet for turen besøk på anlegg i København og Gøteborg.

– Prioritering

– Vi ønska at flest muleg skulle vere med, og sende også påminning til dei andre gruppeleiarane i kommunestyret. Dei fann at det ikkje passa, eller at dei ikkje ville prioritere det – det kan også ha med økonomi å gjere, seier Hurlen.

– Kven betalte for turen?

– Vi måtte dekke turen sjølve, og betalte reise og opphald, seier Hurlen, utan å ville spesifisere beløp som vart brukt.

– Kan det vere prinsipielt uheldig med «synfaring» som ikkje alle har høve til å delta på?

– Nokon vil kanskje sjå det slik, men eg tenker at det er bra at nokon prioriterer å innhente meir kunnskap i ei så stor sak. Så lenge det har vore openheit om turen, og andre også hadde tilbod om å vere med, ser eg ingen problem med dette.

Sirkulærøkonomi

– Kva «ny» kunnskap fekk de ved å besøke anlegga?

– At Sverige og Danmark er lenger framme enn oss med tanke på å utnytte avfall som ressurs til å skape nye verdiar. I Norge står framfor eit skifte frå «bruk-og-kast-økonomi», til sirkulær økonomi der avfall er sett på som verdiar som kan gjenvinnast. Vi fekk også stadfesta inntrykket av at Stena er størst i Norden og mellom dei fremste i Europa både på forsking og drifting av avfall- og gjenvinningsanlegg.

Presenterer

– Kva vil de bruke dette til vidare?

– Vi tenker å lage ein presentasjon, tilgjengeleg for dei som måtte vere interesserte. Og så er det naturleg at vi bruker kunnskapen vår i den politiske debatten når reguleringsplanen kjem til sluttbehandling til hausten, seier Hurlen.