Det seier Wenche Toven, leiar i skredgruppa i Norsk Folkehjelp Nesset. Gruppa med rundt 30 medlemmer blir tilkalla av politiet når det går skred der ein mistenker folk i raset.

– Mi bekymring er at folk ikkje gjer dei rette vurderingane sjølv. Eg vil oppmode alle om å gå inn på varsom.no før dei går ut i fjellet, seier ho.

Unngå skredterreng

Da Rbnett snakka med Toven søndag på dagen, var varselet for vår region på varsom.no oransje: betydeleg skredfare.

Det sto «Unngå ferdsel i skredterreng», grunna svake lag nede i snødekket og mykje fersk fokksnø. «Utvis stor varsomhet inntil videre,» er rådet dei gir.

Dei skriv også at middels store eller store skred kan utløyse seg sjølv.

Fleire med mindre erfaring

Toven meinere turfolket i regionen er «kjøle flinke» til å vurdere forholda i fjellet. Dei siste 3–4 åra har skredgruppa vore kalla ut berre 2–3 gonger.

– Men med påske og fine vêrmeldingar framover, kan det vere at fleire med lite erfaring skal ut i fjellet. Kanskje dei treng ei påminning om å sjekke på varsom.no. Dei har blitt svært detaljerte i varsla sine, og er til god hjelp når ein skal gjere sine eigne vurderingar.

– Rekk ikkje fram tidsnok

Om ein hamnar i eit snøras, vil ein som kjent ikkje klare seg så lenge under snøen.

– Når vi i skredgruppa kjem inn, greier vi kanskje ikkje å komme i tide. Ein klarar seg normalt berre rundt 15 minutt i eit skred, seier Toven.

Fleire ras i regionen i helga

Laurdag i 13-tida kom det melding om eit snøskred frå fjellet Heihornet i Stranda på Sunnmøre. Luftambulanse, politi og frivillige sjekka for å sjå om det gjekk skispor inn i raset, men det gjorde det ikkje.

Søndag morgon sperra eit fem meter høgt snøras E39 ved Hornindalsvatnet.

Og søndag på dagen gjekk to ulike ras i Gråura mellom Sunndalsøra og Oppdal, der begge sperra eit køyrefelt ein periode.

I Stjørdal er ei vegstrekning på E 14 sperra grunna rasfare.