Nordøyvegen er i rute, fastslår prosjektleiar Marianne Nærø. Frå hausten kjem storjobben skikkeleg i gang.

På Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Skuløya/Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya (rekna nordfrå) ser 2900 øybuarar fram til å få vegsamband døgnet rundt. Det får dei når 37 km lange fylkesveg 659 Nordøyvegen står ferdig om fire-fem år.

– Vi er i avslutningsfasen på dei fire entreprisane med innleiande arbeid og ventar på at den store entreprisen skal bli klar. Statens vegvesen vil ha éin kontraktspart, men som også kan innebere arbeidsfellesskap mellom fleire. Leveringsfristen for tilbod er 7. mai. Vi har som mål å ha tildelingsbrev klart før ferien, slik at det kan skrivast kontrakt i august, seier Nærø.

Anleggsstart kan bli utpå hausten. Oktober har vore nemnt.

– Korleis er interessa for denne storjobben?

– På tilbodskonferansen tidleg i vår var det godt oppmøte både av innanlandske og utanlandske entreprenørar. Vi har trua på at det skal bli konkurranse om å få oppdraget.

– Vi er sjølvsagt spente på korleis marknaden tar imot kontrakten. Det siste året har vi hatt god dialog med entreprenørbransjen gjennom synfaringar og orientering både på Skjeltene, Nordøyane og i Oslo. Så vi veit at både Nordøyvegen og tidspunktet for utlysing av kontrakten er godt kjent i bransjen, seier prosjektleiaren.

Det er mange kontraktar ute i marknaden akkurat no. Dette gjer at aktørane i Statens vegvesen går i ei viss spenning om utfallet.

Anleggsstart til hausten

Når tilboda er opna, skal Statens vegvesen gå igjennom all dokumentasjon for å sjå at den samsvarar med krava i kontrakten. I tillegg skal alle tilbod kontrollreknast. Når kontrakten er underskriven, startar ein samhandlingsperiode mellom entreprenør og Vegvesenet, der alle sider ved kontrakten blir diskutert og gjennomgått. Planen er anleggsstart i september/oktober 2018. Elektroarbeidet blir lyst ut som eigen kontrakt i 2019.

Kostnadsoverslag

Kostnadsoverslaget på den nye hovudkontrakten for Nordøyvegen er 2 milliardar kroner pluss meirverdiavgift. Kostnadsoverslag for byggeklare prosjekt har 10 prosent slingringsmonn. Det betyr at Statens vegvesen har vurdert kontrakten til å ligge mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner, utan moms.

Statens vegvesen bygg Nordøyvegen på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune, som er vegeigar. Anlegget er sagt å vere tidenes største her i fylket.

Har gått veldig bra

Nordøyvegen er etterlengta og velkomen. Det er framheva fleire gonger av

entreprenørane, som møter stor velvilje og interesse frå øyfolket rundt om på dei ulike anleggsstadene.

– Vi ser òg stor interesse på Facebook-sida vår. I Statens vegvesen ser vi det viktig å fortelje kva som skjer, poengterer prosjektleiaren.

For entreprenørane har vêrgudane verkeleg spelt på lag denne vinteren. Ved kysten er det no ingen snø, berre litt tele i bakken.

Flott ferjetur

Ein flott vinterdag dreg vi ut i øyriket saman med prosjektleiaren og kontrollingeniør tunnel Åsmund Ryningen. Vi siktar oss inn på Fjørtofta sidan anleggsarbeidet på Harøya alt er ferdig. Vi reiser med ferja som om nokre år ikkje skal gå meir mellom dei to øyane i havgapet, øya Dryna lenger inn mot fastlandet og Brattvågen på fastlandet. Den som vil oppleve ferjeturen, har litt tid på seg, men ikkje meir enn fire-fem år. I 2023 opnar Nordøyvegen, og Nordøyane blir knytt til fastlandet med eit eventyrleg veganlegg samansett av tre undersjøiske tunnelar, ein miljøtunnel, tre bruer og veg på sjøfyllingar.

Storkosar seg

Karane i Lesja Bulldozerlag AS har hatt gode arbeidsforhold og verkar å storkose seg på Fjørtofta. Dei har bygd to tunnelpåhogg og er stort sett ferdige med jobben. Mot nord har dei klargjort for Fjørtoftfjordtunnelen, mot sør Nogvafjordtunnelen.

Bernt Håkon Storhaug og Øivind Lien køyrer maskiner.

Mat er viktig på anleggsarbeid, og dei skryter av kokka Randi Otterlei.

Ho lagar nesten for god mat, meiner dei. På middagsmenyen står ofte fisk og fiskemat. Men potetball har det blitt berre ein gong.

– Fjørtoftingane er eit koseleg folkeslag. Vi har eit svært fint opphald på øya, seier dei.

Interessa for anlegga er stor og positiv. Folk kjem og spør og ser. Entreprenøren har fire dagars drift. Når arbeidarane kjem att etter helgefri, røper fotspor interessa. I dag er det berrfrost, men under snøfallet tidlegare i vinter kunne ein lese interessa tydeleg på bakken i det avsperra anleggsområdet.

Hubrotunnel

Fjørtofta får i alt fire tunnelopningar, og er einaste øya med tilgang til to undersjøiske tunnelar. To opningar er til tunnelar under sjøflata. Dei to andre vil høyre til ein tunnel oppe i dagen som må byggast av omsyn til hekkande hubro.

«Hubrotunnelen», som kommunen ville den skulle heite, har fått namnet Burbergtunnelen. Miljøtunnelen ligg på den nordvestlege delen av Fjørtofta.

Gratis mellom øyane

Nordøyvegen får eit spesielt billettsystem. Du betalar når du passerer den automatiske bomstasjonen på Skjeltene. Innkrevjinga er basert på at bilane har betalingsbrikke.

For personbil (takstgruppe 1) vil du måtte betale 131 kroner. For store køyretøy (takstgruppe 2 / over 3,5 tonn) må du ut med 262 kroner. Mellom øyane blir det gratis. Det blir 20 prosent rabatt i takstgruppe 1, ingen rabatt i takstgruppe 2.

– Det er naturleg å tru at gratisordninga vil bidra til auka samkvem mellom øybuarane. Brått blir det enkelt å reise mellom øyar der ein i dag må bruke to ferjer, seier Nærø.

Nordøyvegen vil gi fastlandssamband til rundt 2900 menneske og knyter dei om lag 10.000 innbyggjarane i Haram og Sandøy nærare saman. Nordøyvegen er venta å betre konkurranseevna til næringslivet i regionen og gjere Nordøyane til eit meir attraktivtbuområde, ifølgje Statens vegvesen

Fjørtofta gler seg

Fjørtofta: Tre damer vi møtte skriv under på det. Dei ventar ein ny kvardag når vegen er på plass.

To ferjer til barnebarna

Spesielt Inger Otterlei frå Lepsøya gler seg. Når ho skal hente barnebarna på besøk, må ho i dag ta ferja til Brattvågen, deretter køyre til Skjeltene og ta ei ferje til før ho er framme, kan hente ungane og fare same vegen attende. Frå 2023 køyrer ho ned i tunnelen til Flemsøya, held fram vegen om Ulla til Austnes på Haramsøya, så i ny tunnel og langs småbruer/steinfylling til Lepsøya.

– Som natt og dag. Det vil ta ein brøkdel av tida eg må reise no. Eg gler meg så eg mest ikkje kan vente, seier ho.

Vi møter henne i einaste butikken på øya, Fjørtoft Handelslag. Der jobbar ho saman med Aud Larsen Davik. Dei har pause i kafékroken og tar ein prat når det ikkje er kundar i lokalet.

– Blir ei ny tid

Aud er innfødd fjørtofting. Ho legg vekt på fridomen fastlandssambandet vil gi.

– Vi slepp ferja og får kome og fare når vi vil. Det blir ei ny tid. Ja, det blir faktisk litt rart ikkje å måtte ta ferja, som vi har blitt så vane med.

Fjørtoft Handelslag er den store møtestaden på øya. Der handlar dei 103 fjørtoftingane det dei treng av daglegvarer og får ordna med brev og pakkar på Posten.

Synnøve Fjørtoft, fødd Otterlei, kjem akkurat inn etter å ha distribuert dagens post rundt på øya. Ho slår seg ned og blir med på bildet som Romsdals Budstikke ber om å få ta av damene. Også ho ser fram til vegopninga.

Brukar Harøya

Dei ser Nordøyvegen som ein sjanse til meir aktivitet på Fjørtofta. Nordover blir det tunnel til Harøya, som dei i stor grad brukar allereie i dag. Dei to skuleelevane på øya går ungdomsskulen der. Og to barn går i barnehagen. Om morgonen har foreldra og ungane ein ti minutts ferjetur over til Myklebust og ein like lang biltur fram til Sandøyhagen. Om ettermiddagen er det same prosedyre andre vegen.

– Det seier seg sjøl at kvardagen blir ein heilt annan med fast vegsamband, seier dei.

Treng forynging

På Fjørtofta er snittalderen 70 år, anslår dei, men trur vegen vil snu på dette. Allereie no er ein ung familie med to barn i gang med å bygge seg hus, og Haram kommune har fleire tomter på lur.

På øya er det også tomtefelt for hytter, og turstiar er laga. Stikk Ut har ført til at meir folk kjem innom for ei vandring i den spesielle og vakre øynaturen. «Myrbrunt og magert, men lell fagert», for å omskrive kjente lokale diktarord lite grann.

Har kontroll: Prosjektleiar Marianne Nærø og kontrollingeniør tunnel Åsmund Ryningen på Fjørtofta ved påhogget for tunnelen til Harøya.Foto: Oddbjørn Harnes
Her startar Nordøyvegen sørover øyrekka fram til fastlandet på Skjeltene. Dette er første tunnelen av i alt tre. Den går under Fjørtoftfjorden til Fjørtofta og er 3680 meter lang. Entreprenøren Odd Småge AS har alt gjort ferdig tunnelpåhogg og anleggsområde.Foto: Statens vegvesen
Sponsar idrettslaget: Lesja Bulldozerlag AS sponsar Fjørtoft IL og markerer dette med klubbflagg på maskinene. F.v. Bernt Håkon Storhaug og Øivind Lien er fulle av lovord om opphaldet på øya.Foto: Oddbjørn Harnes
Nordøyvegen: For rundt 2 milliardar kroner får folket på seks øyar bilveg til fastlandet.Kart: Statens vegvesen
Tunnelpåhogg på Fjørtofta: Her på nordsida av Fjørtofta vil vegen frå Harøya kome opp frå Fjørtoftfjordtunnelen.Foto: Statens vegvesen
Tunnellengt: Desse tre damene ventar på tunnel sørover og nordover. Synnøve Fjørtoft (f.v.), Inger Otterlei og Aud Larsen Davik seier det skal bli godt å få reise til og frå øya når dei sjøl ønskjer.Foto: Oddbjørn Harnes
Tunnelpåhogg på Haramsøya: Her på Austnes startar tunnelen som skal gå under fjorden til Hestøya. Lepsøya i bakgrunnen. Foto: Statens vegvesen
Skjeltene: Her frå fastlandet skal Lepsøybrua gå ut til øyriket. Anleggsområdet er alt klargjort for byggestarten til hausten.Foto: Statens vegvesen