Dei foreløpige resultata, som vart offentleggjort torsdag denne veka, viser at Aukra kvalifiserte 9 deltakarar til vidaregåande utdanning og ein deltakar til jobb, av 11 personar totalt på Introduksjonsprogrammet i fjor. Dermed enda dei som sjette beste kommunen i landet av totalt 351 i ei rangering frå Integrerings og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

– Dette er fantastiske resultat! Eg er veldig stolt! Deltakarane på Introduksjonsprogrammet har fått tett oppfølging, der flinke lærarar og dyktige programrådgjevarar har klart å fange opp utfordringane til den enkelte tidleg og sett inn tiltak raskt, forklarer ein stolt einingsleiar for Integrering og Innvandring i Aukra, Aud Lisbeth Lillebostad.

Fersk eining

Eininga vart starta i oktober 2016, og har i løpet av den korte virketida si tatt imot 92 små og store flyktningar, og sysselset i dag 33 personar.

– Vi føler oss trygg på at vi klarer å fange opp desse utfordringane som flyktningane møter – det er viktig å sjå enkeltmennesket og kjenne historia deira, sjå ressursane deira og kva styrkar og kapasitet dei har, fortel Lillebostad.

– Vi har også hatt eit veldig godt tverrfagleg samarbeid innanfor kommunen, både med frivillige lag og organisasjonar og på tvers av einingane.

Usikker framtid

I dag har Aukra eiga vaksenopplæring, med 43 deltakarar på Introduksjonsprogrammet. Men framtida er usikker:

– Vi har ikkje fått nye flyktningar i år og går sånn sett ei litt usikker framtid i møte. Men ting svingar fort og vi har framleis ein stor og viktig jobb å gjere med dei som bur her, seier Lillebostad.

Stolt regiondirektør

Regiondirektør i IMDi, avdeling Midt-Norge, Marit Elin Eide, roser innsatsen som er lagt ned i Aukra:

– Eit veldig bra resultat og all honnør til jobben som er gjort. Eg er ikkje overraska. Aukra har rekruttert gode folk til eininga si, seier ho.

– Dei aller fleste flyktningane som kjem til Norge har eit stort kompetansegap og utdanning gir dei ei moglegheit til å sikre ei robust tilknyting til arbeidslivet. Difor er det viktig at dei blir kvalifisert til vidare utdanning gjennom Introduksjonsprogrammet.

Positive ringverknader

At Aukra scorar så høgt på sine første måloppnåingsresultat gir mange positive konsekvensar, fortel Eide:

– Dette betyr mykje for enkeltmenneska det omhandlar, som får ein god start i Norge. Arbeidet som er lagt ned vil også ha samfunnsøkonomiske ringverknader med tanke på at kommunen no mellom anna sparer sosialhjelpsmidlar. Vi ser at utdanning tatt i Norge gir folk høve til å kome seg i arbeid og hindrar fråfall i arbeidslivet. Difor er det bra at mange av deltakarane i Aukra har kvalifisert seg til vidaregåande utdanning, meiner Eide.

– Eit svært godt resultat. Dette er første gong Aukra har teljande resultat i måloppnåingsoversikta. Men eg er ikkje overraska. Aukra har rekruttert gode folk til eininga si, seier regiondirektør i IMDi Midt-Norge, Marit Elin Eide. Foto: (Foto: IMDi)