MIDSUND: Med vel 3 millionar kroner ekstra frå Havbruksfondet, samt justering i positiv lei også på ein del andre postar, ser det lysare ut for kommuneøkonomien i Midsund.

Budsjettdisiplin

Torsdag kveld behandla kommunestyret sak om budsjettendring for 2018, etter gjennomgang av økonomien ved rådmann og økonomisjef.

Ser lysare på økonomien

Trass i litt meir midlar å rutte med, er situasjonen uansett krevjande, og administrasjonen poengterte at stram budsjettdisiplin framleis vil vere avgjerande.

- Brua er livsfarleg

Gangveg på brua

I framlegget til budsjettendring, var det mellom anna foreslått å føre opp forundersøkingar for muleg gangveg over Midsundbrua. I debatten var dette punktet kommentert av fleire.

– Utgreiing for Midsundbrua støttar eg fullt og heilt, sa Magne Reiten (Sp).

Langvarig kamp

– Dette har det vore jobba med i lang tid opp mot vegvesenet, men utan å nå gjennom, poengterte Frits Inge Godø (V).

Også ordførar Odd Helge Gangstad poengterte at sjølv om det kanskje kan sjå ut som at lite er gjort, er det kjempa for denne saka i mange år.

– Problemet er at tiltaket ikkje er inne på prioriteringslista. Vi må få svar på korfor vi ikkje er inne på den, sa Bjørn Wang (Uavh.)

Ny undersøking

Ordførar Odd Helge Gangstad sa at han no er spent på kva selskapet som no skal gjere nye undersøkingar kjem fram til.

– No får vi belyst dette frå ein ny innfallsvinkel, så får vi sjå kva dei finn ut, sa Gangstad.

Krev forklaring

– Likevel er vi ikkje inne på prioriteringslista. Det skal vi no be samferdselssjefen om ei forklaring på, sa ordføraren, som fekk fullmakt av kommunestyret til å forfatte brev til samferdselssjefen om dette.

Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannens framlegg til budsjettendring.