VESTNES: På møtet i Vestnes formannskap måndag vart det vedtatt samrøystes å kontakte Samferdselsdepartementet for å få avklart kvar nyvegen skal gå.

Dei to mest aktuelle alternativa er K2 via Ørskogfjellet og K3 over Svartløken og gjennom Tomrefjord. Vestnes kommunestyre har gått inn for K3, dei andre aktuelle kommunane og fylkeskommunen går for K2.

Møreaksen krev mykje areal

For å ha areal til bygging av Møreaksen, er eit større areal på Vik bandlagt av Statens vegvesen. På Trohaugen har Vestnes kommune regulert inn 300 dekar til næringsformål. 225 dekar av dette er selt eller utbygd. Dei resterande 75 dekar er bandlagt. I tillegg ligg det i godkjent kommuneplan inne eit areal på 800 dekar til næringsformål. Dette er i privat eige, mesteparten er bandlagt.

Svært attraktivt område

– Det er stor etterspørsel etter næringstomter på Trohaugen, den vil berre auke kraftig når det er gjort endeleg vedtak om å bygge Møreaksen. Som ordførar har eg fått fleire signal om at dette er svært interessant tomteområde. Kommunen har no selt det siste tilgjengelege arealet her og treng derfor ei rask avklaring av det bundne arealet, seier Geir Inge Lien. Han understrekar at det er viktig å få endeleg avklart kor mykje areal det blir behov for til bygging av Møreaksen. Her vil val av trasé avgjere. Med K2 vil berre området på oversida av fylkesveg 661 bli berørt. Med K3 kan også gardsbruk bli berørt.

Solvik-Olsen har siste ordet

– Vestnes formannskap vil peike på ulempa med å bandlegge store næringsareal på Vik, og ber om ei snarleg avklaring for området slik at ledig areal snarast kan bli tatt i bruk, skriv Vestnes formannskap i brevet til departementet. Brevet er signert av alle medlemmane i Vestnes formannskap.

Geir Inge Lien opplyser at Statens vegvesen har sagt at det kan ta eit år til før ei endeleg avklaring om trasé er på plass. Så lenge ønskjer han ikkje å vente.

– Eg håpar på ei avklaring i løpet av 2018. No ber vi om møte med Samferdselsdepartementet på høgast mogleg nivå, seier Geir Inge Lien.

Det er samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som har siste ord i saka.

Stor interesse: Ordførar Geir Inge Lien på næringsarealet på Trohaugen, der kommunen har behov for meir areal.