NESSET: – Ja, planen er at saka skal opp i kommunestyret 22. mars, seier ordførar Rolf Jonas Hurlen.

– Korfor går saka direkte til kommunestyret?

– Vanlegvis er det formannskapet som planutval som ville ha behandla ei slik sak. Men sidan det har vore så stor interesse, så har formannskapet diskutert det og kome fram til at saka heller bør gå til kommunestyret, seier Hurlen.

Plandokument

Rådmannen og hennar stab jobbar no med å ferdigstille sakspapira, etter at Angvik prosjektering på vegner av tiltakshavar Bergmesteren Raudsand AS leverte reguleringsplandokumenta til kommunen midt i februar. I planbeskrivelsen inngår mellom anna konsekvensutgreiinga, KU, som var lagt fram i november.

Forventar vedtak

– I denne omgang, når det handlar om å få dette ut på høyring, er det ikkje ei stor sak. Men å samle alle trådar etter høyringa vil kunne bli ein omfattande jobb, seier Hurlen.

Han forventar at det vil komme saklege og fagleg basert innlegg i kommunestyret, og at det vert gjort vedtak om at saka vert lagt ut for høyring.

– Gitt motstanden som er flagga, vil det kunne skje at saka vert stoppa allereie i dette møtet?

– Det er jo muleg, men å seie nei til høyring ville vere svært merkeleg.

Debatt

Ordførar Hurlen har fått med seg den heftige debatten som går rundt etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand.

– Det er vel naturleg at ein slik debatt måtte komme. Men den er i stor grad styrt av kjensler og synsing, lite på fakta og realitetar, seier Hurlen.

Held på sitt

Og gjentek at han held fast på standpunktet om å støtte etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand.

– Sjølv om mange er svært skeptiske?

– Eg står på det eg har sagt tidlegare. Det kan ligge framtidsretta arbeidsplassar i dette, så for meg er det enkelt. Eg synest det som er lagt fram så langt, ser bra ut, seier Hurlen.

– Vanleg praksis

Nessetrådmann Anne Grete Klokset opplyser at innstillinga hennar no får siste finpuss, men at ho vil tilrå at planen vert sendt ut på høyring.

– Det vart gjort vedtak om å seie ja til utarbeiding av privat reguleringsplan i juni 2016. Når politikarane slik har sagt A, så er det viktig å ta saka vidare og sende planen ut på høyring, det er heilt vanleg praksis, seier Klokset.

Utvida frist

Ho opplyser at det vil bli gitt utvida frist til høyring.

– Det er sett krav om minimum 6 vekers høyringsfrist. Vi legg opp til at det skal vere 8 vekers frist og slik relativt god tid. Så skal tilbakemeldingane samanfattast, det vil ta tid. Dermed vert det nok ikkje sluttbehandling før til hausten, seier Klokset.

Brosjyre til alle

Bergmesteren Raudsand vil dele ut eigenprodusert brosjyre til alle i Nesset.

Trykksaka skal midt i mars distribuerast til alle husstandar i Nesset, opplyser Harald Storvik i Bergmesteren Raudsand AS.

– Bakgrunnen er dei mange innlegga og utsegna på sosiale media, samt påstandar frå Bellona, seier Storvik.

Han ønskjer derfor å komme med det han karakteriserer som «saklig og lettfattelig informasjon».

Rolf Jonas Hurlen (H) har ikkje endra syn når det gjeld etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand. Foto: RICHARD NERGAARD