Aukra: Bak ei symaskin, fullt fokusert på det som snart skal bli ei fargerik veske, sit Mohammad Almasri (45). Den tidlegare maskinreparatøren og skreddaren kom til Norge for to og eit halvt år sidan, saman med kona Fadia og dei fire barna. No er han ferdig med introduksjonskurset og er i arbeidspraksis i skreddarverkstaden ved Voksenopplæringssenteret til Eining for Innvandring og Integrering.

Døden enklare enn fengsel

Den lange reisa til Norge og Gossen starta i 2013. Like før jul drog Mohammad åleine til Libanon. Han var i konflikt med myndigheitene og hadde alt tilbrakt seks månader i fengsel. Fire av brørne sat no i fengsel.

– Døden er enklare enn fengsel i Syria, fortel han.

– Difor måtte eg dra. Eg var redd for sanksjonar mot familien.

Tre månader seinare kom kona Fadia og tre barn etter. Etter å ha registrert seg i FN sine system, livnærte han seg med å selje brød i eit parkeringshus.

– Plutseleg ein dag fekk eg telefon frå FN: Ville eg dra til Europa? Eg svarte «ja» med ein gong. Det viktigaste for meg var at barna skulle få seg ei utdanning, og i Europa er det trygt og folk er fri, fortel han.

Familien pakka dei få eigendelane sine og i september 2015 gjekk turen frå Beirut, via Istanbul og til slutt enda dei på Gossen:

–Vi fekk leige eit stort, fint hus på Falkhytten og der har vi trivast godt. Det er litt dyrt å leige, særleg sidan eg ikkje har jobb. To månader etter framkomsten til Gossen var eg i gang med Introduksjonskurset. I dag er eg i arbeidspraksis her på skreddarverkstaden, forklarer han.

Stort forsørgaransvar

Jobb er det viktigaste for Mohammad Almasri – han har ikkje berre ansvar for å forsørgje barna sine, men sender pengar heim til foreldra i Damaskus så snart han har litt til overs.

– Mor mi er 68 år og sengeliggande på grunn av feiloperasjonar i ryggen. Ho saknar meg veldig – eg er nest eldst av søskena og var den som hjelpte foreldra mine mest. Eg snakkar med henne kvar dag. Faren min på 70 har ei lita forretning der han sel olje til bilar og maskiner. Vi er sju søsken. To av brørne mine er i dag i fengsel. I tillegg har eg ei søster i Bahrain og ein bror i Libya. Familien til den eine av dei fengsla brørne mine hjelper foreldra mine, men dei har lite å klare seg med, difor er det viktig at vi andre hjelper til, forklarer han.

Foreldra bor i ei trygg sone i Damaskus, men avstanden til dei krigsherja områda i byen er under ein halv kilometer.

Vil bli arrestert

Draumen om å vende tilbake til Syria lever framleis, men kan ikkje gjennomførast slik styresettet er no:

– Nei, då kan eg bli arrestert med det same eg landar på flyplassen, så eg må nok bli i Norge. Og det er greitt. Det er litt uvant å bu på ein så liten stad som Gossen – eg er frå ein millionby. Det bor seks millionar menneske i Damaskus, og eg synest det sosiale livet i Norge er utfordrande. Heime ville eg gått på besøk kvar dag etter jobb. Der treng du ikkje ringe for å høyre om det passar – du berre stikk innom, fortel han med eit smil. Saknet etter familien og kulturen han er vaksen opp i vises i det elles så blide andletet:

– Det har vore utfordrande å komme hit til Norge som voksen. Nordmenn er litt lukka, språket er vanskeleg og dermed blir det vanskeleg å få seg jobb. Men no kjenner eg systemet litt betre etter kvart. Barna mine har heldigvis hatt det lettare – dei får inn språket gjennom skole og barnehage, og rettar på meg til stadigheit, ler han.

Veksande storfamilie

Eldstedotter Ysra (20) går helsefag i Fræna og er gift. Ho trefte mannen sin, som også er syrisk, på skole i Molde. Jasmin (17) går vidaregåande i Molde og vil bli psykolog, medan Islam (12) og Ahmad (5) må gjere frå seg grunnskolen:

– I Norge må ein ha papir for å få seg jobb. Det har vore viktig for meg at barna mine får seg ei utdanning, ein god jobb og at dei kan forsørgje seg sjølve og få eit trygt og godt liv. Dei kunne nok ikkje tenkt seg å flytte tilbake til Syria, men kanskje besøke familien ein gong. Men først må det bli slutt på krigen. Dei tre eldste barna huskar framleis lyden av bomber, seier Mohammad trist.

Skjebna til heimlandet tyngar skreddaren frå Damaskus. Han saknar landet og byen sin, men trur ikkje på fred i si eiga levetid:

– Draumen er at krigen i Syria skal ta slutt. Eg tenkjer ikkje så mykje på meg sjølv – eg er 45 år og kva eg ønsker er ikkje så viktig. Eg ønsker at heimlandet mitt skal bli som før, der kristne og muslimar levde side om side og var venner. Syrarar er eit sjenerøst folkeslag og alle var godtatt og inkludert. Religion er ikkje viktig – menneska er viktige! Meiner han.

Vil forsørgje familien

Skreddaren frå Damaskus set seg til symaskina igjen. Mykje må vere på plass til Internasjonal Veke. Skreddarverkstaden, der han og Araz Feisal gjer mønstra til designar Sandra Van der Waart om til flotte og fargerike plagg, skal ha utstilling på Soltun. Mohammad og Araz håper på ei framtid som skreddarar i Aukra:

– Vi kosar oss med å lage vakre plagg. Hit kan alle komme og bestille kva det måtte vere – vi håper dette kan bli ein jobb som vi kan leve av, fortel Mohammad.

– Det er viktig å ha ein jobb, slik at vi kan forsørgje familien. Difor håper eg mange kjem og ser kva vi kan lage.

Araz Feisal (til v.) og Mohammad Almasri, begge frå Syria, har arbeidspraksis på skreddarverkstaden til Voksenopplæringa i Aukra. Håpet er å kunne leve av syinga i framtida. Foto: Gunn E. Aarønes
Elastiske stoff og krevande design gjer ikkje jobben lett for skreddarane på Riksfjord. – Den første utgåva av eit design tek litt tid, men etterpå går det mykje raskare, fortel Mohammad Almasri og syner fram nokre av kleda som dei skal syne fram under Internasjonal Veke. Foto: Gunn E Aarønes
- God design er viktig og Sandra gjer jobben lett for oss, fortel Mohammad Almasri. Skreddaren frå Damaskus er opptatt av å lage klede som folk ønsker å kjøpe og synes designer Sandra Van der Waard gjer ein god jobb med å lage mønstre, sette saman fargar og klippe det heile klart for skreddarane. Foto: Gunn E. Aarønes
Mohammad Almasri (45) måtte flykte frå heimlandet Syria i 2013. I dag bur han på Gossen med kone og fire barn og er nettopp ferdig med Introduksjonskurset. – Eg kan ikkje vende tilbake til Syria – då blir eg arrestert. Og døden er lettare enn syrisk fengsel. Men håpet er at Damaskus skal bli slik det ein gong var – ein stad der folk levde side om side, uansett religion, og der menneska var viktige, ikkje trua, seier han. Foto: Gunn E. Aarønes