– For tida har vi ein kommune i kikkerten, det er Midsund. Vi overvakar kommunanes budsjett og rekneskap, og ifølgje regelverket må kommunen inn på Robek-lista når underskotet ikkje vert dekka inn som planlagt, seier Sissel Hol, seniorrådgivar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Må dekkast inn

Ho viser til at kommunestyret i Midsund har gjort vedtak om at underskotet frå 2016 skulle dekkast inn i 2017.

– Når kommunen ikkje har klart å dekke inn dette underskotet, følgjer dei ikkje sin eigen vedtekne plan. Vi avventar no at rekneskapen vert ferdig revidert, om den viser at kommunen ikkje klarer å dekke inn underskotet frå 2016, så vert kommunen meldt inn på lista, seier Hol.

– Men no har kommunen fått midlar frå Havbruksfondet, og rådmannen foreslår å dekke inn 2016-underskotet på 2018-budsjettet?

– Når underskotet skulle vore betalt i 2017, så tilseier reglane at kommunen må inn på lista. Men om rekneskapen stadfester inn betaling i 2018, vil kommunen bli meldt ut igjen i 2019, seier Hol.

– Så det hjelper ikkje om det blir betalt i år?

– Nei. Slik er regelverket, og det må gjelde likt for alle. Da er det ingen veg utanom.

– Midsund har også underskot for 2017, men meiner ramma er feil sett i høve til kommunereforma og samanslåing med Molde. Spelar dette inn i Fylkesmannens vurdering?

– Dette er teke opp, og er løfta vidare til departementet, som har svart. Dette vil ikkje ha noko å seie for om Midsund blir på Robek eller ei, seier Hol.

– Midsund har forplikta seg til at økonomien skal vere i balanse før 2020, når kommunen går inn i nye Molde kommune. Korleis ser du på det?

– Sjølv om dei kjem inn på lista no, kan dei greitt rekke å komme seg ut av den til den tid. Kommunen må berre lage ein forpliktande plan for nedbetaling av underskot – og følgje den, seier Hol.