Dagen starta med danseoppvisning, der 70 unge dansarar imponerte dei frammøtte på Bryggetorget.

Ei klarinettgruppe under leiing av Stefan Bocken tok programmet vidare på ein fin måte, deretter gjekk det slag i slag med musikk- og songinnslag. Medlemmar av skulekorpsa i kommunen deltok på ulike aktivitetar denne dagen.

Breitt program

– Dette er eit årleg lokalt arrangement som vi starta med første gong i 2017. Vi er veldig fornøgde med oppslutninga og frammøte av publikum, dette har komme for å bli, seier Hege Haugen, som overtok som rektor i Vestnes kulturskule i august i fjor.

Fele med Kvernberg

Vestnes kulturskule satsar breitt. Laurdag var det strykeseminar for unge elevar frå heile Romsdal med Jorunn Marie Kvernberg som hovudinstruktør og Britt Elise Skram som teknisk leiar.

På kvelden var to av elevane engasjert til å underhalde på marimba på årsfesten til Vestnes Rotary.

Korpskonsert

Søndag kveld er det konsert på Myra kulturbygg. Her stiller eit storkorps samansett av tre skulekorps frå Daugstad/Vike, Vestnes og Tomrefjord.

Kulturskulen er opptatt av å engasjere fleire til skulekorpsa, og på kulturskuledagen vart det delt ut informasjon til alle som har lyst å begynne i korps.

– No planlegg vi for neste år. Søknadsfristen for neste kulturskuleår er 1. april. I år har vi totalt 500 elevplassar, slik blir det også neste år. Det er ingen utskiftingar i lærarstaben, vi har ein svært dyktig og stabil stab, seier Hege Haugen.

GOD REKRUTTERING: Stefan Bocken med klarinettgruppe. Foto: Olav Skjegstad
NY LOGO: Rektor Hege Haugen med den nye logoen til Vestnes kulturskule. Foto: Olav Skjegstad