GJERMUNDNES: Kvart år blir 6.000 dekar dyrkamark bygd ned i Norge, vegutbygging står for 44 prosent av dette.

Jordvern og E39 stod på sakskartet då organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal inviterte til konferanse på Gjermundnes onsdag. Prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen orienterte om planane. På sørsida av Romsdalsfjorden er ikkje traseen valt enno, her står det mellom å legge vegen over Ørskogfjellet eller ein litt kortare veg over Svartløken med tunnel i dei mest utsette områda.

Rolf Arne Hamre opplyste at det ikkje er berekna kor stort arealtapet blir på sørsida, det er berre gjort grove kostnadsoverslag. Samstundes har det komme melding frå departementet om at kostnadene må ned.

Bandlagt

Rundt tunnelinnslaget på Vik er 1100 dekar areal bandlagt med tanke på utbygging. Det meste av dette er utmark. Også på Julbøen er det bandlagt eit større areal til vegformål.

Alle kommunane i området med unntak av Vestnes har gått inn for at nyvegen frå Digernes til Vik blir lagt over Ørskogfjellet. Gruppeleiar for KrF i fylkestinget, Knut Støbakk, karakteriserte K3 over Svartløken som meiningslaust.

– Tenk heilskap

– Vi må sjå på kva som er met samfunnsgagnleg. Eg tenker her på folk frå bygdene i indre Sunnmøre som må til Skodje for å komme til Molde dersom vi vel K3. Dei som bestemmer må ta med heile omlandet i si vurdering, sa Knut Støbakk, som samstundes åtvara mot skyhøge vedlikehaldskostnader ved undersjøiske tunnelar. Berre på Ålesundstunnelane er det hittil brukt ein milliard kroner i renovering, la han til.

Tunnelmotstand

Øystein Solli er styremedlem i Jordvern. Han er forundra over motstanden mot å bygge tunnel i Molde når han samanliknar med dei omfattande tunnelplanane i Vestnes. Han viser her til planane om ein 1,5 kilometer lang tunnel på Hjelset som ville spare mykje jord, men dette er blitt tvert avvist.

Bomfrykt

Mikal Skodjereite frykta at ny E39 mellom Ålesund og Molde vil føre til at dei fire andre vegane mellom Sunnmøre og Vestnes blir pålagt bompengar for å hindre lekkasje frå den nye vegen, slik det vart med Tresfjordbrua og vegen rundt fjorden. Han lurte også på kva turistnæringa seier til dei omfattande tunnelplanane.

– Er turistnæringa knebla? Dei er vel med i NHO? sa han.

Optimisme

Styreleiar Odd Helge Gangstad i Møreaksen har store vyar for Møreaksen, og trur den vil få svært positive ringverknader for heile fylket. Kollega Geir Inge Lien i Vestnes har også klare forventningar, og viste til at kvar gong det kjem godt nytt om Møreaksen aukar interessa for å sikre seg næringsareal på Vik. Kommunen har tidlegare kjøpt eit større areal, alt dette er no selt vidare.

– Uansett kva trasé som blir valt, vil lite dyrkamark blir ramma i Vestnes, seier Geir Inge Lien.

– Møreaksen er eit av dei store vegprosjekta som tar minst dyrkamark, understreka Guttorm Kjelsvik (Sp).

På tampen av møtet summerte styreleiar Kolbjørn Gaustad opp synet til Jordvern.

– Ved utbygging må andre areal enn dyrka mark blir tatt i bruk. Vi kan ikkje halde fram å bygge ned dyrka mark.

Både bønder og elevar blant publikum.
Prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen.