– Brua har vore tema fleire gonger, og Statens vegvesen ser det viktige i å finne gang-/sykkelvegløysning over Midsundbrua, seier overingeniør Vidar Neraas, Plan- og trafikkseksjonen Møre og Romsdal.

Venaas viser til møte med kommunen, og rapport utført av Aas-Jakobsen på oppdrag frå Statens vegvesen i 1997.

– Rapporten viser at det er muleg å henge ei gangbru på brua, men i så fall må sjølve brua forsterkast først. Dette vil vere svært komplisert og kostnadskrevande, seier han.

Venaas poengterer også at tiltak på Midsundbrua ikkje er prioritert i fylkeskommunens investeringsprogram i perioden 2018-2027.

– Statens vegvesen som fylkeskommunens vegadministrasjon kan ikkje bruke midlar eller ressursar på utgreiingsarbeid på tiltak som ikkje er prioritert av vegeigar, seier Venaas.