Også ordførar Odd Helge Gangstad er engasjert i gangveg for Midsundbrua.

Han viser til at gangveg over brua har vore tema i «alle år», at alle ordførarar i kommunen har jobba med saka dei siste tiåra, og til rapporten som seier at brua må forsterkast før eventuell påheng av gangveg.

Ny runde

– Vi prøver igjen. Vi må komme eit steg vidare, og få ei ny vurdering. No er vi i kontakt med eit firma som kan sjekke ut om det per no er muleg å kople gangveg på brua. Klart det er muleg! Så er det jo prisen, da. Men dette tek vi opp politisk til veka, seier Gangstad.

Bøygen er pengar

Prioritering

– Men brua står uansett ikkje på prioritert liste – har kommunen jobba godt nok på denne fronten?

– Brua har heile tida stått øvst på kommunens liste, som er spelt inn til fylkeskommunens prioriteringar. Men det er ein lang veg å gå og stor konkurranse, så vi hittil har vi ikkje nådd opp, seier Gangstad.