– Stoopp!!! Det kjem bil! Og buss! Foreldre som har teke med barna sine til fotografering ved brua, ropar inn igjen dei minste som har fått eit lite forsprang.

Aksjon

– Det er mange barnefamiliar i området, og om lag 25 barn mellom Bløsvingen og Håbet, det er ganske mange. Og fleire er på veg, mange er enno ikkje ferdige med å få barn. Det må på plass ein gangveg, seier Rakvåg. Og får støtte av barna, som kommenterer:

– Vi vil ha gangveg! Da kan vi sykle over brua!

Bru for bilar

Det ligg nemleg ikkje akkurat til rette for mjuke trafikantar verken på eller ved Midsundbrua, som bind saman Otrøya og Midøya. Den om lag 400 meter lange brua er smal og uoversiktleg. Vegbana går heilt ut til rekkverket, utan plass for gåande og syklande.

Også tidlegare har det vore protestar, da vart det innført gratis skulebuss for barna på denne sida av brua, sjølv om avstanden ikkje er så lang.

– Livsfarleg

– Brua er livsfarleg, det burde vere 18-årsgrense for å bruke den! seier Rakvåg. Og fortel at foreldre på grunn av dei farlege forholda på brua vert mykje køyring fram og tilbake.

Ho poengterer at også vaksne synest det er ekkelt og gå over brua, og at det også er ubehageleg å køyre over.

Sentrumsnært

Rakvåg held fram at området eigentleg er svært sentrumsnært og med gangavstand til det meste, men at brua stenger av. Der barn naturleg kunne gått eller sykla til aktivitetar i sentrum, er dette uaktuelt.

Fryktar alvorleg ulykke

– Vi er redde for at det når som helst kan skje ei alvorleg ulykke her, og kan ikkje forstå at det ikkje kan vere råd å finne ei løysing på dette. Det har vore snakka og snakka i årevis, men ingenting skjer. Det må da vere mogleg å få til, seier Rakvåg.

– Må få ny vurdering

Også Adrian Sørlie har engasjert seg, som småbarnsfar.

– Det var gjort ei vurdering for 20 år sidan, da det vart undersøkt om det var mogleg med påhengt gitterbru. Da var konklusjonen at det var mogleg, men at brua da måtte forsterkast. Det verkar litt merkeleg. Vi meiner dette bør sjåast på på nytt, seier Sørlie.

– Dessutan må prosjektet inn på fylkeskommunens liste over prioriterte prosjekt. Dette er fylkesveg, og dermed politiske prioriteringar som avgjer. Eg kan ikkje tru at fylkespolitikarane verkeleg meiner at eit så farleg punkt skal bli ståande slik – kanskje dei ikkje har vore her og sett?! undrar Sørlie.