I dag møtast kommunestyret i Sandøy på nytt for å behandle saka om grensejustering for Sandøya, Ona, Orten, Seterøya, Gåsøya og Lyngværet. Dei skal gi ein uttale til Fylkesmannen, som greier ut saka på oppdrag frå departementet. Det er departementet som til sjuande og sist avgjer søknadane om grensejustering.

Sist saka var oppe i Sandøy, var det 16 som støtta ein uttale om at heile kommunen samla skal gå til Ålesund kommune, medan berre tre stemte imot.

– Pluss minus ei stemme

– Eg har ikkje grunn til å tru at resultatet vert annleis no, unntatt kan hende pluss – minus ei stemme, seier ordførar Oddvar Myklebust.

– Trur du det kjem fleire tilhøyrarar enn vanleg?

– Det kan eg ikkje svare på. Vi har vanlegvis bra med innbyggarar som er interessert. Kommunestyremøta blir strøyma.

Høgre utfordra om demokrati

Odd Arve Orten frå Orten har vore talsmann for utbrytarøyane. Han trur heller ikkje fleirtalet vil snu:

– Teoretisk sett blir det same resultat som sist, 16 mot 3. Men eg veit at Høgre har blitt utfordra til å tenke over sin ståstad om lokaldemokrati, så eg er litt usikker på kva som skjer der. Ap er nok ikkje til å rokke. I Venstre er to av tre for.

Orten, som sjølv sitt i kommunestyret for Venstre, meiner deira sak er lite kontroversiell sett utanfrå.

– Ordføraren vår er sterkt imot, men mykje talar for at det bør gå vår veg, seier han.

Han trur ikkje på noko storoppmøte frå utbrytarøyane til møtet: – Nokre kjem det nok, men ikkje so mange, trur eg.

Har trua

Oddgeir Viken har fronta saka for innbyggarane på Ona

– Eg reknar med at det kjem nokre både får Sandøya og Ona for å følgje debatten. Men det spørst jo om det blir så mykje debatt, da, seier han. Og:

– Eg har tru på at vi vinn fram til slutt, men er spent på Fylkesmannen si tilråding

Budstikke dekker møtet

Romsdals Budstikke dekker møtet med laiv oppdateringar, og saker til nett og til papiravisa laurdag. Vi strøymer også video direkte frå møte.

BØR GÅ VÅR VEG: – Vår sak følast lite kontroversiell sett utanfrå. Ordføraren vår er sterkt i mot, men mykje talar for at det bør gå vår veg, seier Odd Arve Orten på Orten. Foto: Agnar Gjendem
BLIR NEI IGJEN: – Eg har ikkje grunn til å tru at resultatet vert annleis no, unntatt kan hende pluss – minus ei stemme, seier ordførar Oddvar Myklebust om syne på grensejustering i kommunestyremøtet torsdag. Foto: Privat