Aukra: Det klirrar i bollar, skrapar i bestikk og boblar i saftglas. Praten går lavmælt rundt dei fullsette borda i den nyoppussa kantina til Vaksenopplæringa på gamle Riksfjord skole. Små, medium og store gossingar sit og kosar seg med polske «pirogi», is og bær, før turen straks skal gå vidare til dagens Småtrall.

Internasjonal meny

Kvar mandag møtes mellom 25 og 30 små og store gossingar til spennande middag for ein rimeleg penge i kantina. Når Romsdals Budstikke stikk innom, er det dei polske søstrene Kamila Dankszys og Nathalia Szoldra som står for matlaginga. Tidlegare har det vore både thailandsk og syrisk mat på menyen.

– Dette er første gongen vi er her. Maten smakte kjempegodt og det er fint å komme til dekka bord, meinte Eva Marie Lund. Dattra Vilde Lund Skomsø (4 ½) gler seg til å møte barnehagevennane på Småbarnstrall på kulturskolen vegg-i-vegg rett etterpå.

– Vi har savna KuDraMuDra, som kulturskolen hadde for dei minste tidlegare, og blei kjempeglad då vi fekk høyre om Småbarnstrallen. Og at vi får spennande middag på kjøpet, passar kjempefint, meinte mamma Eva Marie.

Populært

Tilbodet om middag og musiske aktivitetar for barn under skolealder starta i haust og har samla rundt 30 personar rundt middagsbordet kvar mandag. Og god og mett kan om lag halvparten rusle seg nokre meter over tunet til Aukra Kulturskole sine lokaler, der kulturskolelærar Miriam Venås sit klar med rytmeinstrument, artige sangar og masse bevegelse.

– Vi har vore med sidan det starta, men Edvin (3) syng mest når vi kjem heim igjen, fortel Veronica Løvik.

Heile familien Løvik på fem møttes til middag i kantina, før Edvin og mamma drog vidare på Småbarnstrall. Vesle Edvin trivst best på mamma sitt fang, sånn heilt i starten, men blir med på aktivitetane når Miriam tøysar og tullar med sang og rytmer.

– Kjekt at det er eit tilbod for dei minste barna også, synes Inger Kristine Kjellnes. Dottera Ester (2 ½) står og kikar ned i ei tromme og stråler. Testar akkustikken, dansar og ler – full av energi. Dette er alle tiders!