– Det er trist at dette er siste gongen vi lagar Sjimingstime på Soltun. Difor ønska vi å mimre litt om huset denne ettermiddagen, fortel Arne Nautnes i arrangørkommiteen.

God oppslutning

Nærare 150 gossingar hadde funne vegen til Sjimingstimen søndag ettermiddag, der Horrem og Ny-Jord nok ein gong hadde skapt ein triveleg møteplass, med gratis kaker og kaffe, samt underhaldning som fekk fram både sang og latter blant dei frammøtte.

Morosame minner

På programmet stod mellom anna tilbakeblikk på tida med Soltun, sett med Arild Hoksnes sitt humoristiske blikk. I kåseriet sitt var han innom både songarstemne, dansefestar, basarar og julefestar:

– Vi kan nok påstå at songarstemna som vart arrangert her, forhindra eit visst innavl, hevda han, før han gjekk vidare og reflekterte over dei hyppige basarane som vart arrangert før i tida:

– Det er rart kva underhaldning vi godtok på basarane. Fekk vi høyre om blinde trekkspelarar, så måtte vi sjølvsagt fare og sjå korleis han klarte å treffe knappane. Og på Redningsselskapet sine basarar kom mellom anna «reisesekretær Halvorsen», med filmmaskin, eit ganske reint laken og bilder av redningsskøyta «Skomvær II», som om vi ikkje hadde sett ein båt før, skjemta han.

Gevinstane blei også belyst:

– Det var nok mange gevinstar som sirkulerte, trur eg. Det kunne nok hende at lampen du vann var lampa du gav som gevinst til ein anna basar nokre år tidlegare, humra Hoksnes.

Må bry seg

På programmet sto også den lokale poeten Ola Husøy, som gav ut si første dikt-samling som 80-åring, trubadur Johnny Ståle Bjerkan, og kultursjef i Aukra kommune, Anne Jorunn Sandøy, som understreka kor viktig det er med frivilligheit og inkludering:

– Alle i Aukra skal føle seg trygge og velkomne. Difor vil eg oppmode om at de viser at de bryr dykk. Hels på alle de møter, om det er på legekontoret, på bussen eller på butikken. Følelsen etterpå er gull verd, meinte ho.

Alt er gratis

Og midt oppi alt, eit overdådig kakebord og kaffe, så mykje ein orka. Alt påspandert av arrangørane i Horrem og Ny-Jord grendalag:

– Joda, alt på Sjimingstimen er gratis. Dette er meint som ein møteplass for folk, men dei frammøtte er flinke å ta lodd, så vi går ikkje i minus, forsikrar Arne Nautnes i arrangørkomiteen.

– Og neste gong vi arrangerer Sjimingstime, så er det forhåpentlegvis i nye, fine lokaler her på Falkhytten.