Ny kunnskap gjer at Norges Vassdrags- og energidirektorat, NVE, nedskalerer anslaga sine rundt mulege ras frå Opstadhornet.

Ny rapport

På oppdrag frå NVE har Norges geologiske undersøkelser, NGI, gjort nye utrekningar om konsekvensar basert på dette.

Nye skred- og bølgeutrekningar for eit scenario med fjellskred frå Opstadhornet, er no gjort ut frå anslag på 1.6 millionar kubikkmeter masse. Tidlegare har ein teke utgangspunkt i 6 – 20 millionar kubikk.

Bølger på 5–10 meter

Utrekningane i den nye rapporten, viser at oppskyllinga etter eit slikt ras vil vere størst på nordsida av Midfjorden (langs Otrøya), nærmast skredet. Oppskyllingsbølger kan der bli opp mot 5–10 meter, og så avtakande ned mot 1 meter lengst aust og vest i utrekningsområdet, heiter det i rapporten.

På sørsida av Midfjorden og vestover frå Tomrefjorden, er høgdene stipulert til 1–3 meter, austover frå Tomrefjorden noko mindre, 1–2 meter. Lengst sør i Tomrefjorden vil det vere ubetydeleg oppskylling av flodbølger, ifølgje rapporten.

Tidlegare, med scenario basert på større volum, og med oppskyllingshøgd rekna til 5,5 meter – så langt unna som på Hjelset.

Oppfølging

Sjefgeolog i NVE, Lars Harald Blikra, opplyser at den nye rapporten er ei planlagt oppfølging av tidlegare rapportar.

– Korfor legg ein no til grunn 1,6 millionar kubikk, medan ein før rekna ut frå 6–20 millionar kubikk?

– Vi har etter kvart fått ny kunnskap. Med utgangspunkt i nye data, er det eit mindre område enn tidlegare antatt som er aktuelt i eit skredscenario for Opstadhornet, seier Blikra.

Overvaking

Han viser til at det er veldig små rørsler i Opstadhornet.

– Nominell årleg sannsyn for skredet frå Opstadhornet er antatt å ligge mellom 1/5000 og 1/1000, det er ikkje særleg høgt, seier Blikra.

Han poengterer likevel at NVE følgjer med på fjellet.

– Korleis er Opstadhornet overvaka?

– Vi har nokre fjell som vi overvaker konstant, som Mannen og Åkneset. Så er det nokre vi overvakar periodisk, mellom dei Opstadhornet. Til no har vi hatt årlege gps-målingar, menskal i løpet av våren i gang med overvaking gjennom ny og avansert satellitteknologi. Det vil gi ei langt meir effektiv overvaking, seier Blikra.

Satellitt

Om kort tid skal NVE dermed ut og sette opp reflektorar for satellittmåling på Opstadhornet. Også Børa ved Mannen, og fjell i Innfjorden, skal få slik overvaking, ifølgje Blikra.

– Vi vil da kunne oppdatere oss hyppig, til dømes ein gong i veka eller så ofte vi finn det nødvendig. Dette er del av det europeiske satellittprogrammet Copernicus, seier Blikra.