Midsund: Med countryrock som særmerket sitt, kjem det velkjende danselåtar frå Creedence, Santana og Eagles frå loftet på grendahuset på Ugelvik på Midsund annankvar tirsdag kveld.

Då kjem Dag Eivind Sjøvik køyrande frå Ålesund, Ståle Heggdal frå Lyngstad, Fred Anton Jenset frå Midøya, og Tore Sjøvik og Asgeir Nerbø frå Midsund til øving med bandet Tequila.

Trommis-forbruk

Bandet kom saman for første gong i februar 1998, med Tore Sjøvik, broren Dag Eivind, Sæbjørn Rakvåg og Romund Tjore som dei første medlemmene. Sidan har det komt og gått nokre bandmedlemmer, men gjengen som er der no, har halde saman ei god stund.

– Vi har hatt litt forbruk på trommisar, fortel Tore Sjøvik.

– Eg veit ikkje heilt kvifor… Ei stund måtte eg kommandere sonen min, Joachim (Orvik), til å bli med på spelejobb. Då var han 15. No er vi glad vi har Fred Anton med. Det er nok Joachim også, ler han.

Sitronkake og kamferdrops

Når Romsdals Budstikke stikk innom øvingslokala i Ugelvika, står sistnemnde trommis klar med svissrull og sitronkake – det var han som skulle «bake» til dagens øving. Vokalist Asgeir Nerbø byr på kamferdrops og pulverkaffe, medan eit par av dei andre riggar opp instrumenta. Eller – riggar og riggar: Dei pluggar i støpsel og skrur på forsterkarar, resten av utstyret står klart heile tida.

– Det er så bratte trapper og så mykje tungt utstyr at vi har to sett – eit i bandbussen og eit her i øvingslokala, ler dei, som ikkje har det travelt når dei skal øve…

– Neissa, vi pratar, drikk kaffe, mimrar og ler. Vi er som ei syklubb når vi møtest, fortel dei og sekk enda lengre ned i dei alderstynga møblane på loftet. Etter 20 år blir ein ganske så samspelt, og treng ikkje så mange repetisjonar.

Første låt på Spotify

I år la dei ut sin aller første eigenskrivne låt, tilgjengeleg på dei fleste strømmetenester:

– Målet må vere å spele berre eigenproduserte låtar på 50-årsjubileet vårt i 2048, skjemtar komponisten Tore Sjøvik

Etter mange år på landevegen, med spelejobbar i dei fleste ungdomshus mellom Sogn og Trondheim, har oppdraga vorte færre dei siste åra. Denne jula var den første der Tequila ikkje spelte til romjulsdans. Det var litt rart. Men dei garva musikarane har andre forpliktelsar, og det er mykje som skal stemme for å ta eit speleoppdrag:

– Vi begynner vel å bli gamle, ler Sjøvik.

– Før kunne vi ha 20-25 spelejobbar på eit år, no er det kanskje 8 – 10. Det kunne sjølvsagt vore meir, men vi har krevande jobbar og fleire av oss spelar i andre og mindre band. Men det er artigare di fleire vi er. Det blir så genuint, så sosialt – det er ungdomskjelda vår, dette, seier Asgeir Nerbø og legg til:

– Behovet for levande musikk har endra seg. Før spelte vi på dansefestar på ungdomshus, grendahus, festivalar og plattingdansar. Men vi er seks mann, og no vil folk ha mindre band og mest mulig musikk for minst mulig pengar.

Klar for Vinterfest!

Tequila står bak mykje meir enn å spele i band. Med både ein og to føter godt planta i Midsund-festivalen, Øyriket-fest og Vinterfest på Quality Hotel Alexandra, som i år går av stabelen 2.-og 3.mars, har dei brukt musikkinteressa si til meir enn å spele til dans :

– Vi likar å skape møteplassar der folk kan kose seg og høyre fin musikk. Sist, i 2015, samla vi over 400 personar til Vinterfest – denne gongen går arrangementet over to dagar, fortel Asgeir Nerbø.

Seinare i år inviterer dei til heilaften på Midsund Kro.

– Vi håper at vi skal få til eit liknande arrangement på Gossen, vår andre base, litt seinare på året, legg Tore Sjøvik til.