MIDSUND: Kolbjørn Stølen og Midsund idrettslag vil vidareføre satsinga på fjelltrapper på Otrøya.

Nye trappefjell

Frå før av har ein med hjelp av sherpaer frå Nepal etablert trapper til Digergubben, Midsundhorn og Rørsethornet. Ifølgje «primus motor» Kolbjørn Stølen har det resultert i rekordbesøk av fjellvandrarar.

Siste etappe No er han i innspurten med å få på plass finansiering av enda fleire trapper, som skal komplettere prosjektet. I år gjeld det stiane opp mot Bløkallen og til Aksla, i tillegg til endra tilkomst til startpunkt for trappene i Midsund sentrum.

Prislapp: Totalt 17 millionar

– Dei siste to åra har vi bygd trapper for om lag 11 millionar kroner. Årets satsing har ramme på 6 millionar, opplyser Stølen. Han reknar med at halvparten vert dekka opp med tippemidlar, medan resten er berekna som sponsormidlar og gjennom støtteordningar.

– Her er vi godt i gang. Det har gått bra så langt, så dette ordnar seg nok, seier Stølen.

Til Bløkallen

– Her vil vi legge trinn på ein del passasjar, særleg der det er vått, og ikkje minst ved bergknausen ein på noverande sti må forsere med hjelp av tau. I tillegg skal ei nedrasa bru byggast opp igjen, seier Stølen.

Han opplyser at det til saman er snakk om 1000 trinn, til ein kjem opp på Høgfjellet. Deretter er det planlagt om lag 50 trinn like under toppen.

Til Aksla

Til utsiktspunktet Aksla er det planlagt legging av 300 – 500 trinn, i særleg bratte parti.

– Når stien opp hit er klar, har ein også eit flott utgangspunkt for ein fin og variert rundtur. Frå Aksla og inn ryggen til Akslahorn er det i dag sti med utlagt tau nokre stader, her vil vi erstatte taua med kjetting. Frå Akslahorn kan ein legge ruta over til Digergubben, Klausethorn, Trollhesten og Midsundhorn, og derfrå ta trappestien ned igjen, seier Stølen.

Nytt startpunkt

Denne sesongen vil parkering og startpunkt for turen opp Midsundtrappene bli flytta. Parkeringa oppe ved vegen vil bli stengd, og erstatta med parkering nede i sentrum ved Midsund Marina.

– Med stor pågang, har parkeringa brukt til no ikkje vore god nok, det har vore ein del uheldige episodar. No har vi fått avtale med marinaen om parkering og bruk av sanitærfasilitetar der, og vil ordne ein sti på om lag 200 meter opp langs elva til startpunktet. Her er det også dialog med Statens vegvesen om fotgjengarovergang ved Bakkebrua – dette blir i sum ei lang betre løysing, seier Stølen.

Helikopterløft

Ved arbeidet med trappene som allereie er ferdig, har det blitt brukt helikopter til å løfte steinhellene på plass. Også i år vil det bli brukt helikopter.

– Vi følgjer same oppskrift som tidlegare, med minst muleg bruk av maskiner ute i terrenget. Ein del stein er også allereie klar, seier Stølen.

Ringverknader

Han er oppteken av at trappeprosjektet skal gi mest muleg ringverknader for Midsund. – Det er viktig å legge til rette og få opp aktivitet og besøk, slik vi allereie ser. Så er det å håpe at det også vil merkast for dei som driv med handel og overnatting. Enno kan ikkje Midsund tilby overnatting, og med tanke på dei svært mange som vil gå turar her, er det naturleg å tenke at tilreisande også har Molde som base. Å ta turen ut hit er enkelt, også utan bil, seier Stølen, og viser godt busstilbod.

«Nasjonal tursti»?

Stølens og hans samarbeidspartnarar har også søkt fjelltrappene på Otrøya inn som «Nasjonal tursti». Avgjerd om dette ligg noko fram i tid. – Vi har allereie landes lengste samanhengande fjelltrapp, med 2.212 trinn opp til Rørsethornet, i tillegg til trappene opp til Digergubben og Midsundhorn. Når vi får på plass desse siste traseane, blir det ei fin heilskap, med varierte og fine turar, ivrar Stølen.

Sesong nesten året rundt Han poengterer at det her ute mot havet er lang sesong, med berr mark det meste av året.

– Dermed er årets tursesong like rundt hjørnet. Det som gleder meg mest, er å treffe ungdom på tur og trening, og folk på 80 og 90 år som med trappene igjen kjem seg ut igjen, seier Stølen.

Det slike trapper det skal bli enda fleire av på Otrøya. Foto: Privat
«Trappegeneral» Kolbjørn Stølen, her under opninga av trappetraseen til Rørsethornet i fjor haust. Foto: VIDAR RYTHER MYKLEBUST