AUKRA: Dei ønsker ein uformell samlingsstad – ein stad der folk kan møtast, formiddag og kveld, få seg ei kjapp lunsj eller ta familien med på god middag, eller kunne møtast og lytte til ein trubadur med noko godt i glaset ved sida av. No har Arve Øverland, kona Michel og nokre venner starta arbeidet med å sondere interessa for å lage eit «andels-lag» og spørre gossingane kva dei ønsker. Blant dei som har gått i bresjen, brukt lokalkunnskapen sin og organisert tilrettelegginga så langt, nemner Øverland særleg ildsjela Nancy Springer.

- Ho har gjort ein kjempejobb for å sondere og organisere tiltaka vi har sett i gang så langt, seier han.

Mangla rein uformell møteplass

- Gossen er ein liten plass, og vi manglar  ein møteplass der pensjonistane kan ta seg ein kopp kaffe på dagtid, der ein kan svippe innom for ein kjapp lunsj eller familiar kan møtast til ein ok middag. Kanskje kan ein trubadur spele på kveldstid og folk kan få seg eit glas øl eller vin, fortel Arve Øverland.

Lokala har dei fått positive tilbakemeldingar på, utstyr frå den nedlagde kaféen på Coop er lova og dei står i kø for å overta utstyr frå Aukraheimen, når dei skal flytte inn i nye lokale i løpet av våren.

- Leige av bygget som tidlegare var Sandøy Manufaktur er ennå ikkje avklart, men eigarane er svært positive. Det er jo ingen som ønsker å sjå at så mange lokaler står tomme på Falkhytten. Lokala vi tenker på treng litt oppgradering i forhold til foreskrifter, både med hensyn til brann og etablering av eit kjøkken, og det er mellom anna dette vi treng oppstartskapital til, fortel Øverland

Vil lære av dei som har fått det til. Initiativtakarane ser føre seg ein liknande modell som Fole Godt i Molde eller Sødahl-huset på Åndalsnes.

- Vi har vore i kontakt med begge stadene for å lære av dei som har fått det til. Vi håper gossingane vil bidra med inventar som stolar, bord og anna nødvendig utstyr, og at dette kan bli eit spleiselag, fortel Øverland.

«Fundraiser-arrangement»

Målet er å ha ein folke-kafé oppe og gå i løpet av 2018. Men trass i uttalt interesse på den lokale Facebook-sida «Hva skjer på Gossen», må initiativtakarane ha fleire som forpliktar seg til å bli med på dugnaden.

- Vi dreg i gang ein fest på Soltun 17.mars for å lodde stemninga. Der serverer vi ein tre-retters middag basert på det ein kan finne på kafé-menyen. Tequila spelar til dans og bidreg til dugnaden med å spele gratis. Overskotet frå arrangementet går til oppstart av Gossen kafé. Dersom meir enn 200 personar melder seg på, så vurderer vi opplegget som berekraftig og kan sette i gang for alvor, seier Arve Øverland,

- Får vi nokre hundre andelstakarar som alle bidreg med ein tusenlapp eller anna, så har vi startkapital. Kaféen skal vere berekraftig i seg sjølv, og med felles eige så trur vi det vil vere felles interesse av å bruke den. Det gir ein god følelse.

Vil skape arbeidsplassar. Med tenkt åpningstid frå tidleg føremiddag til sein kveld, ser Øverland føre seg at ein kan skape fleire arbeidsplassar ved den planlagde kaféen:

- Vi vil treng to kokkar og ein servitør, og dersom det er spesielle tidspunkt som er særlig travel, så må vi ha 2-3 andre medhjelparar. Dette kunne jo vere ein fin arbeidsstad for studentar som ønsker seg deltidsjobb, meiner han.

Maten skal vere kortreist, så langt det er mulig.

- Vi tenker ein liten, men brei meny, med mat laga frå grunnen. Ønska har vore mange, frå lavkarbo til glutenfritt, hamburgerar og taco. Vi ønsker å servere noko for alle, fortel Arve Øverland og legg til:

- Dersom interessa held seg og folk meiner alvor med å støtte initiativet, kan folke-kaféen på Gossen snart vere ein realitet. Vi vil få ein indikator når vi legg ut billettane til festen på Soltun. Då vil vi kunne sjå om vi er nok folk til å starte «alle sin kafé» på Gossen.