(smp.no) – Vi var litt spente på korleis dette skulle gå. Vi er jo to vaksne og to tenåringar i familien. Men det har gått over all forventning.

Det seier ekteparet Iben og Ivar Qvist frå Bærum.

Familien vart plukka ut til å teste den aller første hytta til det nyskipa selskapet Skarhaugen AS på Strandafjellet.

Har bygd mykje

Bak dette selskapet står Vidar Mork, Frode Mork og Jan Arvid Berge – dei same som driv selskapet Stranda Fjellgrend. Dei har så langt bygd 75 bueiningar på Strandafjellet.

– Vi har fått hand om eit endå større område her oppe, så Stranda Fjellgrend skal byggje meir. Og no prøver vi oss i tillegg med mindre hytter på 30 kvadratmeter gjennom Skarhaugen AS. Ei testhytte er sett opp, og etter vinterferien kjem det opp tre til, fortel Berge.

Vidar Mork legg til at hytta er kortreiste, produsert i ein hall på Svemorka i Stranda.

Utvendig kledning og tak kjem frå Møre Royal på Nordmøre, innreiinga er frå Langlo på Stranda, rustfrie takrenner og konstruksjonsdelar er levert av Stranda Stålindustri.

Hyttene blir levert ferdige med alt inventar, slik som til dømes radio og tv, golvvarme, senger og madrassar – inkludert ein skibod på 3,5 kvadratmeter.

– Familien Qvist deler på eitt soverom med fire sengeplassar. I tillegg er det eit lite bad med dusj – og kjøken og stove i eitt.

– Dei store vindauga her i hjørnet gjer at hytta verkar større enn ho er, seier Iben Qvist.

Lett å varme opp

Familien selde nyleg ei hytte på 140 kvadratmeter. Dei ser ikkje vekk ifrå at ho kan bli erstatta av ei mindre hytte, no som borna flyg ut av reiret.

– Ei lita hytte er lett å vedlikehalde, og lett å varme opp, legg Ivar Qvist til.

Paret er einige om at ei mindre hytta også gjer at ein blir flinkare til å rydde, og til å ta med seg mindre på hytta.

Møblert og nøkkelferdig, med vatn og avlaup på plass, tomt og kommunale tilknytingsavgifter betalt, kjem hytta på cirka 1,7 millionar kroner. Har du eiga tomt, får du ei ferdig møblert hytte levert for like under millionen.

Saka sto først i Sunnmørsposten.