RAUDSAND / TINGVOLL: – Vi er bekymra for planane, og overraska over at vi ikkje er lytta til i prosessen. Det er skuffande, sidan det for lengst er påpeika, seier Nina Santi, administrerande direktør i AquaGen.

Tvers over fjorden

Bedrifta AquaGen har avdeling mellom anna på Tingvoll, og leverer stamfisk og rogn til havbruksnæringa.

– Vi har eit anlegg som ligg tvers over fjorden for Raudsand, der Bergmesteren ønskjer å etablere nasjonalt deponi for farleg avfall. Vi er ikkje negative til næringsutvikling, men etablering av ein slik type drift er vi bekymra for. Om noko skjer, vil det påverke fjorden, og matproduksjonen som skjer der. Derfor er det viktig og nødvendig å få på plass ei risikovurdering, seier Santi.

Sjømat Norge spør

Også Sjømat Norge, avdelinga havbruk Midt-Norge, tek opp dette. I brev til Nesset kommune nyleg påpeikar regionsjef Knut Hjelt at det som står i konsekvensutgreiinga under «Naturressurser», ikkje er tilstrekkeleg.

– Med tanke på kor viktig fjorden er for sjømatproduksjon, er det behov for meir inngåande undersøkingar, skriv Hjelt. Han viser til at dette vart etterlyst allereie i fjor vår.

Sjømat Norge er landsforeining for fiskeri- og havbruksnæringa, med om lag 550 medlemsbedrifter på landsplan. AquaGen er mellom medlemsbedriftene.

– Stor produksjon

Santi i AquaGen poengterer at Tingvollfjorden er sentral for sjømatproduksjonen i Møre og Romsdal.

– I denne fjorden vert det produsert like mykje sjømat som det vert produsert kjøt frå heile fylket elles, seier Santi.

Historikk med forureining

Ho poengterer at fjorden no har god kvalitet på vatnet, men at historikken med miljøproblem for fjorden gjer at ein er ekstra oppteken av situasjonen.

– Fjorden har tidlegare vore hardt belasta, og var underlagt kosthaldsråd. Etter tiltak og betring, ønskjer vi ikkje nye element som kan påverke negativt, seier Santi.

– Men når sjømatnæringa har levd greitt med forureining i fjorden tidlegare, korfor er ein så bekymra no?

– Tidlegare utsleppa var av ein slik art at det er giftig og skadeleg på kort avstand, og er slik ikkje merkbart for oss. Den nye typen forureining det kan vere snakk om no, er vi svært usikker på konsekvensen av. Dette er teknisk vanskeleg, og det er viktig at rett ekspertise undersøker dette, seier Santi.

Risiko

Ho viser både til risiko ved eit eventuelt deponianlegg for farleg avfall, risiko ved transport sjøvegen til anlegget, og konkret til etablering av stort kaianlegg.

– Vi stiller oss tvilande til at fjorden ikkje vert påverka lenger ut enn til 100 meter ut frå kaianlegget, slik det vert omtalt. Eit slikt kaianlegg vil kunne påverke spreiing av masse på havbotnen, dette er ting som er viktig å få utgreidd, seier Santi.

– Kva konsekvensar ser du for AquaGen i tilfelle etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand?

– Det er vanskeleg for oss å sjå at dette ikkje skal påverke. Det er ikkje optimalt å drive vår type verksemd nær ei slik verksemd. I ytterste konsekvens må vi eventuelt flytte. Når ein driv med matproduksjon, er det viktig at dagens forhold er gode, men også at ein kan ha med tryggleik for framtida, seier Santi.

– Bergmesteren opplyser at dei ønskjer dialog med sjømatnæringa, korfor vil de ikkje møte dei?

– Vi har bedd om skriftleg svar på kva som er gjort, dette ville utgjort grunnlag for møtet. Det burde vore i orden for lengst, men manglar framleis. Da er det ikkje grunnlag for noko møte, seier Santi.

Nina Santi, adm.dir. i AquaGen.