VESTNES: Vedtaket i Vestnes kommunestyre er i samsvar med tilrådinga frå Statens vegvesen. Men lokalt skaper saka sterk debatt.Varaordførar Randi Bergundhaugen (H) tok opp att innstillinga frå administrasjonssjefen, som går for veg over Ørskogfjellet med tunnel frå Fremstedal til Vik. Ho argumenterte med miljøomsyn, og at det ikkje er nødvendig med to parallelle hovudvegar mellom Sunnmøre og Vestnes, slik forslaget om veg over Svartløken vil føre til.

Konsekvensar

Ho fekk kraftig motbør av Guttorm Kjelsvik (Sp), som støtta tilrådinga frå Statens vegvesen fullt ut. Han skulda samtidig media or slurvete omgang med fakta i referat frå møta om saka på Sunnmøre.

– Å legge vegen over Ørskogfjellet er det lengste, dyraste og dårlegaste alternativet, hevda Kjelsvik.

Han fekk støtte av Karsten Gjerde (KrF), som viste til at veg frå Digerneset over Svartløken til Tomrefjord vil vere positivt for næringslivet, og viste her til dei fire store Vard-verfta i Haram, Tomrefjord og Aukra med mykje enklare reiseveg mellom verfta.

Konsekvensar for Tomrefjord

Anne Marie Fiksdal (Frp) meinte at fleirtalet av folket i Vestnes vil ha vegen over Ørskogfjellet. For Tomrefjord frykta ho at ny veg gjennom bygda vil føre til store støyplager og at mange hus må rivast. Ho viste til at Statens vegvesen ikkje har konkludert når det gjeld veg gjennom Tomrefjord, og frykta at store delar blir lagt i dagen av økonomiske omsyn. Samstundes var ho opptatt av meirbelastninga for folk som bur mellom Åsbygda og Tomrefjord, dersom det ikkje blir bygd ny veg frå Vik til Tresfjordbrua.

Martin Kjøpstad (V) viste til vedtak i fleire kommunar på Sunnmøre, som går inn for å legge vegen over Ørskogfjellet. Han var forundra over at Vestnes ikkje sluttar seg til dette.

Sp og Ap sprakk

Etter gruppemøte la Senterpartiet, KrF og to frå Ap fram forslaget som til slutt vart vedtatt.

Her heiter det at Vestnes kommunestyre vil stille rekkefølgjekrav, slik at arbeidet med ny veg med tunnel gjennom Tomrefjord og ny veg frå Vik til Tresfjordbrua blir sett i gang samtidig med bygging av den undersjøiske tunnelen. Dette vart samrøystes vedtatt.

I punkt to foreslo dei at den nye vegen frå Sunnmøre til Tomrefjord skal gå over Svartløken, med tunnel gjennom friluftsområdet på fjellet.

KrF, ni av ti i Senterpartiet og to i Arbeidarpartiet sikra knappast mogleg fleirtal. Både ordføraren og varaordføraren stemte med mindretalet.

Protokolltilførsel

Etter avstemminga kravde Randi Bergundhaugen protokolltilførsel, der forslaget frå mindretalet vart protokollført for å følgje saka vidare.

Romsdalsaksen

Under møtet sette Stig Holmstrøm (Ap) fram forslag om å krevje utgreiing av Romsdalsaksen og framleis ferjedrift mellom Molde og Vestnes. Dette vart ikkje stemt over, men omgjort til oversendingsframlegg til formannskapet.

Knapt tap: Hallvard Tennøy, Falk Daniel Øveraas, Anne Marie Fiksdal og Tor Egil Valldal gjekk for veg over Ørskogfjellet. Foto: OLav skjegstad
Både varaordførar Randi Bergundhaugen og ordførar Geir Inge Lien kom i mindretal. Foto: Olav Skjegstad