MIDSUND / OSLO: – Det er viktig at Midsund og andre kommunar som har gjort vedtak om kommunesamanslåing, skal få kompensasjon som avtalt. Så om dette ikkje er tilfelle, må vi ta ein ny runde på saka, seier stortingsrepresentant Helge Orten frå Midsund.

Til departementet

Orten opplyser at han allereie har teke opp midsundøkonomien ein gong med departementet, i samband med budsjettbehandlinga før jul.

– Da kunne det verke som om ikkje alt var fanga opp, men det vart lovd retta. No er eg ikkje konkret oppdatert på Midsunds situasjon, men det er heilt klart at Midsund og kommunar i tilsvarande situasjon skal kompenserast i tråd med lovnader i forkant, seier Orten.

– Spør fylkesmannen

Han tilrår at kommunen tek kontakt med fylkesmannen for å få sjekka ut situasjonen, og legg vekt på at kompensasjon kan skje på fleire vis, til dømes også gjennom skjønnsmiddel.

– Om det framleis skulle vere problem, tek eg dette gjerne opp med departementet på nytt, seier Orten.

– Kva med Havbruksfondet, korfor har det teke så lang tid å få i gang utbetalingar?

– Det er bra at dette no kjem på plass. At det har teke tid, er fordi det legg til grunn vekst i næringa, seier Orten, og avviser at det er snakk om trenering av utbetalingar.