MIDSUND: Det seier midsundordførar Odd Helge Gangstad, som er fortørna både over situasjonen, og også over leiaren i Romsdals Budstikke tysdag 13. februar.

Omtalt i RB-leiar

I leiaren med tittel «Brutal økonomi for småkommuner» blir det mellom anna vist til den svært vanskelege kommuneøkonomien i Midsund, og spurt «Skal politikerne i Midsund bevisst drive i minus fram til 2020?»

– Har følgt boka

Det har fyrt opp ordføraren.

– Nei, det er ikkje slik at vi vil drive med underskot. Tvert om har vi følgt boka, og gjort akkurat slik regjeringa vil i saka om kommunesamanslåing. Vi er til og med trekt fram som eksempel av statsråden, seier Gangstad.

– Svikta

– Vi går inn i ein storkommune, og skulle til gjengjeld få full kompensasjon fram til vi er samanslått. No opplever vi det motsette; nytt inntektssystem rammar småkommunar, utan omsyn til det som var lova på førehand. Regjeringa har svikta oss, seier Gangstad.

– Så når Midsund no er i eit økonomisk uføre, legg du skulda på regjeringa?

– I stor grad, ja. Rammer vert kutta, og på den andre sida er inntekter trenert, seier midsundordføraren.

– Har trenert inntekter

– Etter mi oppfatning har regjeringa medvite halde tilbake midlar frå Havbruksfondet, som var vedteke for lenge sidan. Dette er dramatisk – situasjonen hadde sett heilt annleis ut for oss om desse midlane var tilgjengelege frå 2015, slik dei burde vore i tråd med vedtak som var gjort, seier Gangstad.

– Strammar til

Ifølgje Gangstad strammar no regjeringa til «over alt».

– Til dømes er no innslagspunktet for refusjon for ressurstrengande brukarar justert opp. Vi spør oss kvifor – tanken bak må jo vere at regjeringa vil ha større einingar, og at små kommunar skal bli straffa ved å sjølv måtte betale meir av rekninga. Men det var jo nettopp dette vi var lovd at vi ikkje skulle bli ramma av, sidan vi er inne i ein samanslåingsprosess.

– Dei fleste andre kommunar har innført eigedomsskatt for å berge økonomien, burde Midsund også gjort det?

– Vi var bevisst på at vi ikkje ville ha det, særleg for å skjerme næringslivet. Men om det ikkje var aktuelt med kommunesamanslåing, så ville det nok ha kome. Men det er ikkje saka no, problemet er at regjeringa ikkje held ord. Eller at det har skjedd ein feil, så vi ved mistak har fått kutt i ramma. No har vi bedd om eit møte med fylkesmannen, for å få sett på måten vi vert trekt. Siste ord er ikkje sagt, seier Gangstad.