Det er no fri jakt på gaupe i Romsdal, og før helga gikk jegerar til aksjon i Fræna. Torsdag var det felt tre gauper, på Nordre Hustadelva, Skarsetlia og Skarsettinden. Den siste var felt ved Kammen, fredag.

To hoer, to årsungar

Hoene var på 15,3 og 16,7 kilo, hannane på 10,7 og 13 kilo, ifølgje data lagt ut av Statens naturoppsyn.

Rovviltkontakt Dag Ringstad som var til stades i Fræna og kontrollerte dei felte gaupene, opplyser at dyra ikkje var spesielt store.

– Ei hogaupe er ofte 18–20 kilo, medan hannar kan verte om lag 25 kilo, seier Ringstad til Rbnett.

På Nordmøre er det kvotejakt, der vart ei stor hanngaupe skoten i Surnadal førre veke. Vekta på denne var 26,6 kilo.

Lite område

Gaupene i Fræna var felt på eit nokså avgrensa område, lokalkjende anslår at det kan vere snakk om ein knapp kvadratkilometer.

–Kor spesielt er det at så mange gauper vert felt på eit så lite område?

–Eg har ikkje oversikt på generell basis, men i vårt distrikt er det sjeldan, ja, seier Ringstad. Han viser til at gauper ofte held saman i grupper, slik kan det ha vore i dette området også.

– Tidlegare har vi hatt at ein del gaupe i indre strøk, no er det tydelegvis ein del i ytre, seier Ringstad.

Lokale og ikkje-lokale

Han vil ikkje sei så mykje om jegerane som felte gaupene, men opplyser at det både var lokale og ikkje-lokale jegerar.

– Det er oppgitt fire ulike skyttarar i dei fire fellingane. Jegerane kan vel ikkje sieast å vere eit jaktlag, men meir ei gruppe med jegerar som opererer i lag, seier Ringstad.

Får skinnet

Reglane tilseier at jegeren får skinnet på dyret, medan skrotten skal inn til Miljødirektoratet.

– Når gaupa er felt, er skinnet skyttaren sin eigedom, som må leverast heilt inn for preparering eller utstopping.

– Dyret elles vert chippa og skal brukast i forsking. Det vert teke DNA-prøver, som mellom anna kan vise slektskapen mellom dyra som vart felt, seier Ringstad.