MIDSUND: Sjølv om skular, barnehagar og sjukeheimen har drive i balanse, ligg Midsund kommune an til eit kraftig underskot for 2017.

Millionunderskot

– Tala er ikkje heilt endelege, men slik det ser ut, går vi mot netto driftsresultat på minus 6,6 millionar. Etter bruk av fond og strykingar, peiker prognosen mot eit underskot på 3,6 millionar kroner, sa økonomisjef Arild Sjøvik, da han orienterte kommunestyret om situasjonen.

– Vi har rett og slett ikkje nok midlar på inntektssida til å dekke opp for utgiftene, sa Sjøvik. Hovudutfordringar som har medført større kostnader enn forventa er mellom anna ny legevaktordning, barnevern, refusjonskrav i samband med krevjande brukarar.

– 2018 blir krevjande

– Dessutan ser også 2018 ut for å bli krevjande, sa Sjøvik.

Manglande skatte- og rammeinntekter vert no oppført med om lag 2 millionar kroner i minus, i tillegg kjem oppdekking av underskot frå 2016 og 2017, på til saman minus 4,3 millionar.

Lyspunkt

Eit lyspunkt i situasjonen er at lenge etterlengta midlar frå Havbruksfondet no er på gang.

– Her er prognosen god, vi legg til grunn at vi får om lag 3 millionar kroner inn derfrå, sa Sjøvik.

Også sal av sjukeheimsplassar vil hjelpe på, med 11 månaders effekt vil det gi inntekt på om lag 2,4 millionar kroner. I tillegg er det teke grep som å kutte tenester innan vaksenopplæring og landbruk.

Ber om møte

– Situasjonen er uansett så alvorleg og utfordrande at vi vil be om eit møte med fylkesmannen, sa rådmann Ketil Ugelvik.