Aukra: No stilar ho mot yrkesutdanning innan kunsten og oppmodar ungdom til å melde seg på mønstringa.

– Det er det beste som har hendt meg, fortel ho.

Ho har teikna sidan ho var lita jente. Då ho var 11 år, deltok ho på sitt første UKM (Ung Kultur Møtes) på Vestnes, men kunne ikkje gå vidare på grunn av alderen. Sidan den gong har Lina Mathilde Leren gått vidare til fylkesfinale kvar gong ho har delteke på UKM. Ho har til og med fått med seg ei landsmønstring.

– UKM er det kjekkaste eg veit! Eg gler meg til kvar mønstring, avslører ho med eit stort smil.

Vil gå vidare

Til dagleg er Jendems-jenta tredjeklassing ved Molde vidaregåande skole, på linja for studiekompetanse med formgjeving. Merittlista til den unge kunstnaren er lang og framtida klar:

– Eg vil bli formgjevingslærar i vidaregåande skole. Det betyr fire år i Volda med forskjellige kunstfag, og deretter eventuell påbygging med kunsthistorie og sånt, fortel ho.

Som ein av vinnarane av fjorårets Drømmestipend, har Lina Mathilde Leren si interesse for UKM ført henne langt inn i UKM-organisasjonen, som medlem i URG (Ungdommens Ressursgruppe).

– Eg synest det er kjempemoro og har vore med og arrangert UKM i mange år. Det er kjempesosialt – særleg fylkesmønstringane, som går over ei heil helg. Og om ein ikkje har noko ein vil stille ut eller delta med, så kan ein bli med og arrangere. Fylkesmønstringa blir i år i Stordal i slutten av april, fortel ho.

– Oppslutninga har svinga veldig dei siste åra. Kva kan ein gjere for å auke oppslutninga til UKM?

– Ein må prøve å vere der ungdommen er. Lærarar, kulturskolelærarar eller andre må vere der og aktivisere ungdommen, vise dei at ein må ikkje vere perfekt for å delta. Det er ingen konkurranse. Har nokon skrive ein god stil i norsktimen, så meld den på. Det einaste ein risikerer er konstruktiv kritikk og gode tilbakemeldingar!

Ingen konkurranse

At UKM ikkje er ein konkurranse, er viktig for Lina Mathilde Leren å understreke:

– Ikkje alle som melder seg på lokalt kan gå vidare – det er av omsyn til plassen, men uansett så har ein ingenting å tape. Dette er moro! meiner ho.

Sjølv skal ho stille ut eit måleri, ein film og kleplagg laga i høve klimafestivalen.

– Og så vurderer eg å stille ut ei av drodle-bøkene mine. Det som står der er veldig personleg, med spontane teikningar, vers og songtekstar som har betydd mykje for meg. Men dei aller inste tankane stiller eg ikkje ut – dei har eg gøymt godt, smiler ho lurt.

Dei lokale UKM-mønstringane går føre seg no for fullt, og i Aukra går påmeldingsfristen ut komande søndag.

– Mønstringa er 10. februar og då håper vi på masse deltakarar, oppfordrar Lina Mathilde Leren.

To månader og over 100 arbeidstimar tok det Lina Mathilde Leren å lage denne teikninga med namnet «Ensomfjellet», med motiv frå filmen «Hobbiten». Foto: p
– Denne boka er svært personleg, med spontane teikningar, dikt og songtekstar som har betydd mykje for meg, fortel Lina Mathilde Leren. Boka er eit av tre bidrag i årets UKM frå den unge kunstnaren. Foto: p