Formannskapet vedtok måndag kveld samrøystes å innstille på alternativ K2.1B, altså trasé over Ørskogfjellet, og tunnel til Vik. Subsidiært K3. 1B, «Svartløken-alternativet» med tunnel ved Tomrefjord. Begge med H5-standard (90 km/t).

Som kjent tilrår Statens vegvesen alternativet K3.1A over Svartløken, med H8-standard (110 km/t).

Vurderte habilitet

Før debatten ba ordførar Odd Helge Gangstad (Sp), som også er styreleiar for Møreaksen, om at formannskapet vurderte om han var ugild i denne saka. Formannskapet avgjorde at det var han ikkje.

Har snudd

Ordførar Gangstad stadfester at midsundpolitikarane har snudd med tanke på traséval.

– Tidlegare har vi gått for K3, det flataste og raskaste alternativet. Men vi ser no at forskjellen ikkje eigentleg er så stor, verken med tanke på høgde eller tidsbruk. Heller ikkje K3 er heilt flatt, der er ein oppe på om lag 200 moh., medan K2 er på om lag 300 moh. Reisetida er rekna til å vere 3 minutt lenger. Men vi må realitetsorientere oss med tanke på prisen – den må ned. Dessutan er det viktig for oss å ta omsyn til Vestnes kommune, seier Gangstad til Romsdals Budstikke.

– Vil ta omsyn

Også Inger Lise Trønningsdal (H) poengterer omsynet til nabokommunar.

– Det enklaste for oss hadde gjerne vore å følgje vegvesenet sitt råd, men vi ser at Vestnes da vil kunne komme dårlegare ut. Så vi kom til at vi ikkje berre skal tenke på oss sjølve, men også sjå på totalbildet og tenke på naboen, kommenterer Trønningsdal.

Nærare Vestnes

Både Gangstad og Trønningsdal viser til Vestnes sitt planlagde industriområde som vil kunne komme i konflikt med K3-alternativet.

– Med fastlandssamband blir det ei ny verd for oss; Vestnes blir berre 20 minutt unna, medan det no tek eit par timar å reise dit frå Midsund. Slik sett kan industriområdet i Vestnes gjerne bli arbeidsplass for folk også frå Midsund. Det er mellom omsyna vi må ha med i vurderinga, seier Gangstad.

Uttalen skal til endeleg behandling i kommunestyret.

Midsund formannskap meiner trase over Ørskogfjellet med tunnel fram til Vik er beste løysing. Foto: SKISSE: STATENS VEGVESEN